Hopp til innhold

Rysta over eige parti

Tidlegare topp-politikar i Arbeiderpartiet, Knut O. Aarethun slaktar fylkespartiet sitt forslag til sjukehuspolitikk i fylket.

Knut O. Aarethun
Foto: NRK

Arbeidarpartiet tok ikkje sjukehusdebatten på årsmøtet sitt, men skal drøfte tema i representantskapet neste helg. Aarethun seier han er rysta over forslaget frå styret.

- Jøye og bevare meg

- Eg tykkjer synd i dei som skal ta fatt i dette no i lokalpartiet, seier han.

Aarethun som uttalar seg som medlem av Lærdal Arbeidarparti. I forslaget blir det understreka behovet for eit sterkt og fullverdig lokalsjukehus i Nordfjord. Dette støttar han fullt ut, men det er ikkje nemnt noko tilsvarande om sjukehuset i Lærdal, og det reagerer han på.

- Formuleringane er håplause, det er berre ein tirade av ord du ikkje kan få noko ut av, meiner Aarethun.

Representantskapet i partiet skal drøfte sjukehus neste helg.