Hopp til innhold

For sjuk til å møte i retten

Mannen som er sikta for tre drap på Valdresekspressen i Årdal vart i dag varetektsfengsla i fire nye veker. Den trippeldrapssikta stilte ikkje i retten.

Valdresekspressen der tre personer ble drept

VARETEKTSFENGSLA: Mannen som er sikta for tre drap på Valdresekspressen i Årdal er varetektsfengsla i fire nye veker.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Bergen tingrett har avgjort at han skal fengslast i fire nye veker med alle restriksjonar, det vil seie med brev- og besøksforbod, seier forsvarar Fredrik Verling til NRK.

Verken han eller den sikta stilte i retten. Fengslingsmøtet vart, som sist, avgjort som kontorforretning. Mannen frå Sør-Sudan må sitje i full isolasjon under heile fengslingsperioden.

«Alvorleg sjuk»

Det var 4. november at 30-åringen drap tre personar om bord på Valdresekspressen. Bussen var på veg frå Årdal til Oslo.

Bergensavisen skriv at Verling i romjula sendte ein epost til dommaren, der han ba om at den sikta skulle sleppe å møte i retten.

«NNs (siktedes navn) helse synes å ha forverret seg vesentlig den senere tid. Det er grunn til å anta at han er alvorlig syk» skriv Verling i eposten ifølgje BA.

Forsvararen forklarar til NRK at hans klient er i ein helsemessig vanskeleg situasjon.

– Det har gjort at han ikkje hadde moglegheit til å møte til fengslingsmøtet, seier Verling.

Framleis ikkje avhøyrt

Nær to månader etter drapa, har politiet ikkje fått gjort avhøyr av den sikta.

Per i dag er det framleis uaktuelt ifølgje Verling.

– Eg vil tru at politiet gjer nye forsøk på å få avklart om han vil eller kan forklare seg. Når det blir det veit eg ikkje, avsluttar Verling.