Det er tilsynet med såkalla paragraf 13-bygningar, bygg kor mange folk oppheld seg, at Selje og Leikanger gjer det dårleg.
I sjukeheimar, sjukehus, forsamlingshus og hotell er det fare for at mange menneskeliv kan gå tapt ved ein brann. Og her er alle kommunar pålagt å ha branntilsyn. Men av 10 slike bygg i Leikanger er berre tre under tilsyn, og det same gjeld fem av 18 slike bygg i Selje.
Frist til 15. september
- Dei bygningane som er registrert etter brannvernlova, skal ha orden. Dei skal ha ein brannvernleiar, oppdaterte teikningar og gjennomføre øvingar. Dei skal ha eit system for branntryggleiken i bygningen, seier overingeniør ved DBS, Peter Due.
Due seier at Selje og Leikanger får frist til 15. september med å gje ei tilfredsstillande tilbakemelding på korleis dei har tenkt å gjennomføre dette.
Trugar med tvangsmulkt
I heile landet er det 63 kommunar som ikkje har godt nok tilsyn. Om dei ikkje følgjer direktoratet sine krav, vert det pålegg og tvangsmulkt. Bøtene kan kome opp i 20.000 kroners-klassen.
Lovar å orden opp
Brannsjef i Leikanger, Arild Henjum, seier at han har ei kombinert stilling, og at den nye sjukeheimen har teke så mykje tid at tilsynet har kome i andre rekkje. - Det har vorte litt dårleg tid til dette viktige førebyggjande arbeidet, seier Henjum.
- Vi har jo gått tilsyn før, og vi veit at desse byggeigarane held orden i eige hus. Det som manglar no er det formelle branntilsynet, med skriftleg rapport til DSB. Dette er lovpålagde oppgåver som vi skal følgje opp utover sommaren og hausten, seier Henjum.