Hopp til innhold

Folland vil ha Glomnes

Knut Erik Folland håpar på snarleg avklaring om Torbjørn Glomnes blir med i trenarteamet i Førde.

Knut Erik Folland og Torbjørn Glomnes
Foto: Oddleif Løset

Klubben og Glomnes har allereie hatt møte der dei har diskutert moglegheitene. Glomnes slutta i vinter som trenar i Sogndal .

- Eg har bede om fleire folk i trenarapparatet og Torbjørn er ein av kandidatane, seier Folland og stadfestar at han ynskjer Glomnes med for å finslipe talenta som kjem opp i dei ulike aldersgruppene.

- Desperat behov

- Glomnes er den beste i fylket når det kjem til talentutvikling. Førde er ein stor klubb og mykje talent. Vi er i desperat behov for meir kompetanse på trenarsida, seier Folland og legg til at behovet også er stort på anleggssida.

Etter cupkampen onsdag var Folland i lengre samtale med Glomnes. Det har den siste tida vore trenaren har ved fleire høve dei siste åra nytta dei tidlegare Sogndaltrenarane Glomnes og Karl Oskar Emberland.

To veker

Styreleiar Rasmus Værn i Førde håpar på avklaring i løpet av to veker. Klubben er mellom anna i gong med å sjå på den økonomiske biten for å få brikkene på plass.

Førde ser behovet for å gjere unge spelarar tidlegare klar for seniorfotball.

- Eg håpar noko skjer snart. Vi har hatt innleiande samtalar og er interessert i å sjå om vi kan få med Glomnes. Vi treng kompetanse nedover i aldersgruppene og vurderer Glomnes no som han er ledig på marknaden, seier Værn.

Nytt møte

Glomnes seier at han framleis ikkje har bestemt seg for kva som skjer vidare.

- Vi har hatt ein sonderingsprat og sagt vi skal ha ein prat til. Men det er fristande. Måten Førde arbeider på er etter mi ande, seier han.