Hopp til innhold

Glomnes slutta etter usemje

- Det som truleg var vanskelegast, var å skiljast frå spelarane som du har jobba med heile tida, fortel Torbjørn Glomnes om brotet med Sogndal.

Torbjørn Glomnes

Torbjørn Glomnes frå tida som trenar i Sogndal.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Det kom som ei stor overrasking for mange då Torbjørn Glomnes valde å bryte eit 11 år langt samarbeid med Sogndal fotball.

- For meg var det ikkje så veldig overraskande. Det har modnast litt over tid, samstundes som det skjedde ting som gjorde at det var naturleg å takke for meg etter så lang tid, seier 57-åringen frå Vågsøy.

- Eit metningspunkt

Glomnes var i føremiddag gjest i onsdagsportrettet på NRK Sogn og Fjordane. Her vart sjølvsagt brotet med Sogndal eit sentralt tema. Fotballfagleg usemje var årsaka til at han brått takka for seg.

- Når det så kom til eit metningspunkt, så var det om lag som med eit ekteskap - Det går litt tungt etterkvart og ein vel å skilje lag. Det som truleg var det vanskelegaste, var å skiljast frå spelarane som du har jobba med heile tida, seier han.

Gjensidig respekt

- Fotballfagleg usemje kan og bør vere både positivt og berikande for alle miljø. Men det som er viktig er å få tatt det opp og diskutert med gjensidig respekt for kvarandre. Om ein ikkje har det i botnen, så kan det vere eit problem, fortel han.

- Det er dertil fattigare og meir destruktivt dersom det ikkje blir sett på dagsorden. Då kan det fort bli at ein låser seg i ein situasjon der ein jobbar på tvers av sine faglege kunnskaper. Det skal ein vere obs på, held Glomnes fram.

- Andre fekk overta

Fotballtrenaren fortel om 11 gode år med Sogndal, men vedgår at han til slutt ikkje såg anna utveg enn å vere trufast mot seg sjølv - og å bryte med Sogndal. Han seier brotet ikkje var så veldig tøft for hans eigen del.

- At eg kanskje må utslette ein del av det eg står for, for å tekkast andre, då får heller andre overta arenaen, seier han.

Har ikkje fått tilbod

Glomnes er open for å gå attende til fotballen. Han har den høgaste utdanninga ein kan få i norsk fotball. Så langt har han ikkje fått tilbod, men han utelukkar ikkje at han på nytt blir å finne på sidelinja - også i 3. divisjon.

- Det kan vere aktuelt, men kjem an på kva klubben tenkjer og vil satse. Er det ein klubb som er villig til å leggje forholda til rette for å ha ei utvikling og kunne strekkje seg, så er det interessant uansett kva nivå det er på, seier han.