Hopp til innhold

Folk blar opp for å dekka tannutgiftene til Torgeir: – Eg er utruleg takksam

Mange har engasjert seg etter historia om uføretrygda Torgeir som ikkje har råd til nye tenner. Ein innsamlingsaksjon på Spleis har gjeve over 100 000 kroner på eit døgn.

"Torgeir"

KRONERULLING: Torgeir har fått mykje økonomisk støtte i form av ein innsamlingsaksjon.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Det kom eit par tårer i går. Eg hadde aldri trudd at så mange brydde seg, seier Torgeir til NRK.

NRK fortalde nyleg at den uføretrygda mannen ikkje hadde råd til å betala 150 000 kroner for å få eit fungerande tannimplantat.

– Eg er utruleg takksam for alle som har bidrege i denne innsamlingsaksjonen, seier Torgeir med klump i halsen.

Torgeir er ikkje det rette namnet hans, men er namnet vi har brukt for å anonymisera han.

Tannlegebesøk

BERRE TRE TENNER: Torgeir har berre tre av sine eigne tenner igjen. Dei andre måtte trekkjast etter kraftige betennelsar.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Har trua for fyrste gong på eit år

Mange av problema hans knyter seg til overgrep i ung alder.

– Det gjorde at eg fekk tvangstankar om hygiene, og eg følte meg skitten uansett kva eg gjorde. Då pussa eg tennene heile tida, i mange år. Til slutt var emaljen skada, seier Torgeir.

Tennene til Torgeir vart trekt etter kraftige betennelsar hausten 2020. Tida etter trekkinga var prega av depresjon grunna dårleg sjølvkjensle og ein vanskeleg økonomisk situasjon.

No byrjar han å sjå lyset i enden av tunnelen.

– For fyrste gong på eit år så har eg tru på at eg får den behandlinga eg treng, seier Torgeir.

Tidlegare i år har han prøvd å tene litt ekstra ved å samla flasker, og hengt opp plakatar der han bad om tomflasker. Det var ein av dei som såg desse plakatane som starta Spleis-aksjonen, ein aksjon som så langt har fått inn over 100 000 kroner.

– Eit hol i velferda

Leiar i Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, er ein av fleire som reagerer på måten systemet er i dag.

– Det er trist å lesa om Torgeir som ikkje har råd til å gå til tannlegen for å få nødvendig hjelp, seier Lysbakken.

ry3qxdGd9BY

YNSKJER REDUKSJON: Audun Lysbakken (SV) vil innføra ein tannhelsereform som gjer at situasjonar som Torgeir skal høyre fortida til.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Lysbakken er glad for at Torgeir har fått hjelp gjennom innsamlinga, men er kritisk til at ein skal trenga donasjonar for å betala for behandling.

– Ein skal ikkje vera avhengig av «gode hjelparar» for å kunne gå til tannlegen. Dette er eit hol i velferda som me må tetta, seier Lysbakken.

Både Raudt, Miljøpartiet dei Grøne, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet ynskjer reduserte prisar på tannbehandling, eller overgang til eit offentleg system.

SV føreslår ein tannhelsereform som skal gjelda for alle i 2027, og at tannhelse ikkje skal vera dyrare enn annan nødvendig helsehjelp.

– Tannhelsereforma skal fasast inn gradvis, der me startar med utsette grupper. Målet er at ingen skal trenga innsamling eller forbrukslån for å få tannhelsehjelp, seier Lysbakken.

Helsepolitisk talsperson i MDG, Kristoffer Robin Haug, seier det er kjekt at så mange vil hjelpe, men at meir må til for å hjelpe så mange som mogleg.

– Den hjelpa hadde vore meir føreseieleg for han og andre i same situasjon viss me gjennomførte ein tannhelsereform. Der må me anerkjenne at tennene er ein del av kroppen, seier Haug til NRK.

Jobbar for å få ned ventetidene

– Regjeringa har etablert ei ordning for personar som har blitt utsett for tortur og overgrep. Dette er i regi av fylkestannlegen og fylkeskommunen, seier Maria Jahrmann Bjerke, som er statssekretær frå Høgre i Helse- og omsorgsdepartementet,

Torgeir har vore i kontakt med Tilrettelagt Tannhelsetilbod, men fekk beskjed om at ventetida var 16–18 månadar, og at dei òg berre kunne dekke det rimelegaste alternativet.

Maria Jahrmann Bjerke, statssekretær HOD

JOBBAR MED SAKA: Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) seier dei jobbar for at personar i utsette grupper skal få eit godt tannhelsetilbod.

Foto: Borgos Foto AS

Jahrmann Bjerke seier ho har stor forståing for at det er ein belastning, men at dei jobbar med å løyse problemet.

– Me skal framleis jobbe for å få ned ventetidene, og sørge for at personar i utsette grupper skal få et godt tannhelsetilbod, seier Jahrmann Bjerke.