SISTE: Møtet i fylkestinget er no lukka for publikum og presse.
Det er ei vanskeleg sak fylkespolitikarane må til stilling – om kven som skal eige ferjeselskapet i framtida.
Fylkesutvalet er i føremiddag samla for å diskutere kva som skal skje vidare. Rett før klokka 10 blei det lagt fram eit forslag frå Arbeidarpartiet, Bjørn Hollevik i Høgre og Venstre om å utsetje Fjord1-saka.
Du kan følgje fylkestinget direkte i nett-TV frå klokka 13.