Flyttar ferje for å hindre full stopp

Ferjereisande i Askvoll-sektoren må frå fredag av bu seg på endringar i rutetidene. Årsaka er at Fjord1 flyttar ei ferje frå Askvoll til sambandet Måløy-Oldeide.

Fure ferjekai i Fjaler

OMKØYRING: Det blir ikkje ferjeavgangar frå Fure fredag på grunn av at eine ferja i Askvoll-sektoren er flytta til sambandet Måløy-Oldeide.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ferja som normalt trafikkerer på Måløy-Oldeide, MF Vågsøy, har dei siste dagane hatt problem fleire gonger, og Fjord1 tek no grep for å hindre full stogg på dette sambandet. Etter brannen i Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i sommar har det vore meir trafikk på Måløy-Oldeide.

– Vi har gjort ei omdisponering av materiellet vårt. For å hindre full stogg tek vi ut den eine ferja som går i Askvoll-sektoren og frå fredag morgon går vi der med ei alternativ rute. Dette gjer vi for å kunne halde oppe drift også på Måløy-Oldeide, seier operativ leiar i Fjord1, Christine Hammersvik torsdag kveld.

Hammersvik seier dei jobbar med å rette opp i problema med ferja MF Vågsøy.

– Det er det elektriske systemet det er noko gale med, og det blir jobba med, men det er ikkje så enkelt.

På grunn av flyttinga av ferja vil det frå fredag morgon gå ei alternativ rute på sambandet Askvoll-Gjervik-Værlandet. Hammersvik fortel at alle avgangar frå Fure går ut, og at dei reisande mellom Fure og Askvoll må ta den 53 kilometer lange omkøyringa via Dale.

– Kor lenge vil det vere slik?

– Vi jobbar med å få på plass ei anna ferje slik at vi kan ha normale ruter i Askvoll-sektoren så fort som mogleg, seier Hammersvik.

MF Sunnfjord vil frå fredag morgon trafikkere sambandet Måløy-Oldeide, medan det er MF Aurland som tek unna trafikken på sambandet Askvoll-Gjervik-Værlandet. Dei endra rutetidene finn du på Fjord1 sine nettsider.

Alternativ ferjetabell Askvoll-sektoren
Foto: Fjord1