Hopp til innhold

Flyg i 60 timar for oppdrag i Qatar

Eit helikopter frå Airlift skal flyge i 60 timar til og frå Qatar for eit oppdrag som tek litt over ein dag.

Airlift-helikopter Super Puma

LANG FLYTUR: Dette helikopteret er på veg til Qatar.

Foto: Leif Hus / Airlift

Helikopteret av typen Super Puma AS 332C lettar frå Førde Lufthamn i dag klokka 13. Turen går via Egypt og Saudi Arabia og tek totalt åtte dagar tur-retur. Sjølve jobben skal vere gjort på ein dag og to timar, fortel marknadsjef Erlend Folstad i Airlift.

– Det er litt spesielt at vi flyg så langt fram og tilbake for ein så kortvarig jobb. Men kontrakten er viktig på ei tid då det er lite aktivitet her i Norge, den har stor reklameverdi, og det betyr og mykje for omsetnaden vår.

– Har unik kompetanse

Airlift har fått oppdraget med å byte flammetårnet på ein oljerigg for oljeselskapet Occidental Petroleum of Qatar Ltd.

– Årsaka til at vi fekk oppdraget er at vi har ein unik kompetanse på krevjande lasteflyging og monteringsoppdrag. Alternativet til å ta eit helikopter frå Norge er endå dyrare. I området rundt Qatar har dei ikkje kompetansen som trengst for å gjere jobben, seier Folstad.

Kan føre til fleire oppdrag

Han fortel at Airlift alt har gjort ein tilsvarande jobb i Abu Dhabi, og det har vist seg at det er billegare å bruke helikopter til slike oppdrag enn alternative metodar.

– Dette er ein marknad i vekst, og når andre potensielle kundar ser at det løner seg å ta eit helikopter så lang veg, så ser dei at det vil løne seg å gjere det på stader som ligg mykje nærare.

Folstad vil ikkje seie kor mykje Airlift får for oppdraget i Qatar.

– Men det er ein betydeleg omsetnad for oss.

Mannskapet på oppdraget er kaptein Leif Hus, co-pilot Bjørn Frode Amundsen og teknikar Leif Rune Krogh Larsen.

Helikopteret kan løfte opptil fire tonn, og det finst berre eitt helikopter av denne typen i Nord-Europa.