Hopp til innhold

Store tap for Airlift

Helikopterselskapet Airlift, med hovudbase på Bringeland i Gaular, har gått med nær 50 millionar i minus dei siste fem åra.

Airlift

OPP OG NED: Helikopterverksemda til Airlift AS går med underskot for femte året på rad.

Foto: NRK

I fjor var driftsunderskotet på 13 millionar kroner, skriv avisa Firda. Årsaka til det svake resultatet i fjor skal mellom skuldast seinka oppstart av arbeidet med kraftlina Sima-Samnanger i Hordaland.

– Det er stort prispress på einskilde typar oppdrag. Vi ventar ein betydeleg vekst på bygging av kraftliner, og der er også marginane betre, seier Finn Øystein Nordam til Firda.

Han er konserndirektør for økonomi og finans i Blueway AS, som er eigarselskapet bak Airlift AS.

Airlift AS hadde i fjor ein omsetnad på i alt 194 millionar kroner, noko som er ein nedgang på sju millionar i høve 2010.