Airlift AS

Eitt av helikoiptera blir gjort klart til nytt oppdrag. I bakgrunnen Storehesten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eitt av helikoiptera blir gjort klart til nytt oppdrag. I bakgrunnen Storehesten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helikopterselskapet Airlift AS vart grunnlagt av Torbjørn Lie i 1986 og er den største arbeidsplassen i Gaular kommune, og eitt av dei største helikopterselskapa i Norden. Selskapet hadde i 2002 kring 150 tilsette, inklusive dotterselskapa.

Til Bringeland i 1988

Etter ein kort startperiode på den gamle flyplassen på Øyrane i Førde, vart basen flytta til Førde Lufthamn, Bringeland i 1988, der selskapet har hatt administrasjon og hovudbase sidan.

Base på Svalbard

I tillegg har Airlift hatt basar i Kinsarvik i Hardanger og på Svalbard, der selskapet hadde flyging for Sysselmannen på Svalbard frå 1996 til 2014. Airlift la inn anbod på ny kontrakt frå 2014 til 2020, men vart ikkje vere med i konkurransen fordi Justisdepartementet meinte selskapet ikkje var robust nok økonomisk til å vere med i konkurransen.

Luftambulanse

Airlift har m.a. hatt helikopterambulansetenesta over store delar av Sør-Noreg. I 1996 omkom fire personar då eit ambulansehelikopter frå selskapet kolliderte med ei kraftleidning i Vevring (sjå Ulukker i Naustdal).

Oppdrag for kraftselskap er ei viktig inntektskjelde for Airlift. Her er eitt av helikoptera til selskapet i ferd med å lande i Dalsdalen i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oppdrag for kraftselskap er ei viktig inntektskjelde for Airlift. Her er eitt av helikoptera til selskapet i ferd med å lande i Dalsdalen i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oppkjøp i Sverige

Airlift kjøpte i 2001 Helikopterservice AB i Helsingborg, Sverige, og i 2002 helikopterselskapet Ostermann Helicopter, Gøteborg. Med dotterselskap disponerte Airlift i 2002 26 maskiner. Ostermann Helikopter AB vart seld ut att frå konsernet i 2005.

Reitan & Co hovudaksjonær

Etter fleire eigarskifte, var det selskapet Helicopter Transportation Group (HTG) som eigde alle aksjane i 2002. I 2006 sikra investeringsselskapet Reitan & Co. gjennom selskapet Blueway AS i Oslo seg kontroll ved å kjøpe 60,4 prosent av aksjane.

I 2009 hadde Airlift-konsernet ei omsetning på kring 206 millionar kroner. I 2007 kjøpte Airlift 40 prosent av aksjane i helikopterselskapet Helikopter Utleie AS i Stryn.

Hovudkvarteret til Airlift på Bringeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovudkvarteret til Airlift på Bringeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.