- Totalt har småbåtregisteret i Fredrikstad no om lag 350.000 båtar i sitt register, fortel kontorsjef Jan Erik Hærum i Tollregion Aust-Noreg som har ansvaret for småbåtregisteret.
I januar 1998 starta småbåtregisteret med registrering av norske småbåtar. Og no seks år seinare er 95 % av småbåtane å finne i registeret, som er plassert i Fredrikstad.
Flest i Hordaland
Flest registrerte småbåtar etter fylke er det i Hordaland med over 42.000 båtar. Sogn og Fjordane har totalt 11.000 registrerte båtar. Flora er den største båtkommunen i Sogn og Fjordane med litt over 2.000 registrerte småbåtar.
- Talet på nyregistreringar aukar også i år fortel kontorsjef Hærum.
1. januar 2003 blei ordninga med registrering gjort om frå tvungen til frivillig, utan at det førte til mange utmeldingar frå registeret.
Motverkar tjuveri
Småbåtregisteret har mellom anna mål å medverke til at færre båtar vert stolne og omsett ulovleg, og at eigarane lett kan sporast når ein båt vert funnen i drift. Sidan starten av registeret i 1998 har tal på stolne båtar blitt redusert, samtidig som fleire av dei stolne båtane blir funne.
I dag betalar båteigaren 300 kroner som eingongskostnad for registreringa. Men frå 1. januar 2005 kan dette bli endra. Finansdepartementet vil privatisere småbåtregisteret, og då kan andre økonomiske prinsipp bli lagt til grunn.