Torsdag vart det kjent at så mange som kvar fjerde jente på dei vidaregåande skulane i Førde debuterer seksuelt i ein alder av 15 år.
- I tillegg er det stadig fleire som slit med psykiske problem, som angst, depresjon og sjølvskading, fortel Svendsøy.
- Unge menneske skadar seg sjølve for å prøve å dempe si eiga psykiske smerte. Problema fører ofte til konsentrasjonsproblem og fråvere frå skulen, og til at ungdommane det gjeld tyr til alkohol og rus som eit forsøk på lindring. Det uroar meg, seier Svensøy til Firda.
Mange årsaker
Ho har ikkje noko eintydig forklaring på årsakene til at fleire slit med depresjonar.
- Det kan vere tidlege traume frå oppveksten, stress og tidsklemme, eller problem i kontakten med vaksenpersonane, som sjølv kanskje har sine eigne problem. Utviklinga kan også ha samanheng med det aukande talet på samlivsbrot.