Hopp til innhold

Bergen forlenger koronatiltaka med ei veke: – Me må gjera det me kan

Byrådsleiaren skildrar situasjonen som eit kappløp mellom smitta og vaksineringa. No må Bergen henta inn hjelp frå nabokommunane for å få kontroll på smittespreiinga.

SJÅ DIREKTE: Pressekonferansen med byrådet startar kl. 14.

Bergen kommune forlenger tiltaka med ei veke, opplyste fungerande byrådsleiar Lubna Jaffery på ein pressekonferanse fredag.

– Smitten er framleis på eit for høgt nivå, seier Jaffery.

I dag melde kommunen om 62 nye smittetilfelle. Det daglege snittet siste veka er på 54.

Jaffery seier smitten har flata ut og at ein har unngått den største smittetoppen, men har heller ikkje fått senka smitten.

På pressekonferansen var ho klar på at byen er for nær ein situasjon med ukontrollert smitte.

– Bergen, det er noko som står på spel her. Smittesporarane jobbar heilt på kanten av det som er mogeleg og me har ikkje nok helsepersonell, seierJaffery.

Lange køar til teststasjonen på Festplassen

LANG KØ: Mange har møtt opp for å teste seg på Festplassen i Bergen.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Mangel på helsepersonell

Bergen kommune har måtta be om hjelp ifrå nabokommunane for å få kontroll på situasjonen.

Jaffery oppfordrar alle til å forholda seg til smittevernreglane.

Smitten spreier seg framleis mest blant dei unge og no ho ber dei om å bruka munnbind, halda meteren og fortelja smittesporarane om kven de har vore med om dei ringer.

– Me veit at venner er det viktigaste i livet og de skal få vera med kvarandre, men de må gjera nokre ting i tillegg, seier Jaffery.

Kommunen melder også om at to fullvaksinerte sjukeheimsbebuarar, som var smitta med covid-19, har døydd siste veka. Totalt har no 16 pasientar fått påvist smitte på fem ulike sjukeheimar.

Tre pasientar er innlagt med covid-19 i Helse-Bergen. Ingen av desse får intensivbehandling, ifølge Helse-Bergen sine nettsider.

Forlenger tiltak

Smittevernoverlege Egil Bovim seier at tiltaka den siste veka har fungert, men at tala framleis er for høge.

– Sist me skulle innføra tiltak hadde eg strengare forslag. Det hadde eg ikkje no, for me har lik situasjonsforståing som sist, sa han på pressekonferansen i dag.

I dag er det påvist smitte på totalt 28 skular i bergensområdet, ifølge Bergens Tidende.

Men det vil ikkje bli noko endringar på skulane, ifølge helsebyråd Beate Husa. Dei skal framleis ha grønt nivå, men med låg terskel om å auke det til gult nivå.

– Me vil i størst mogeleg grad skjerma barn og unge for inngripande tiltak, seier Husa.

Dei lokale tiltaka vil gjelde til 29. august.

Søreide skole i Bergen

GRØNT NIVÅ: Søreide skule er ein av mange skular i Bergen med smitte. Likevel vil byrådet halda på grønt nivå for skulane.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Karantenefritak

Frå og med måndag denne veka kan elevar sleppa karantene dersom dei testar seg.

Frode Nilsen, områdeleiar i etat for skule i Bergen kommune, seier at elevane kjem tilbake på skulen i ulik takt, og at tala på kor mange som er i karaktene difor er litt usikkert.

– Det er ikkje alle foreldre som har moglegheit til å følga barna til testing same dag, noko som fører til at nokon sit lenger i karantene, seier Nilsen.

Medisinsk fagsjef, Trond Egil Hansen, sa i dag på pressekonferansen at han forstår at folk er lei.

– Ein kan spørje seg; skal vi aldri bli ferdige med dette? Vi nærmar oss målstreken, men det er vanskeleg å seie kor langt det er igjen. Vi er kanskje i gang med eit oppløp, men vi veit ikkje kor bratt motbakke dette oppløpet skal gå i, seier han.