I åra 1980-2000 vart ein av tre fødeinstitusjonar i Norge lagt ned, skriv Bergens Tidende. Flest ungar blir fødde utanfor institusjon i fylker med store avstandar og spreidd busetnad.
Sogn og Fjordane og Finnmark har flest fødslar utanfor sjukehus i forhold til samla fødselstal.
Kom til verda på vegen
I dag kunne ein i Bergens Tidende lese historia om då Elvira kom til verda i framsetet på familien sin Ford S-Max.
Vivian Beate Andersen og Øyvind Myklebust var på veg frå Svelgen til sjukehuset i Førde ein augustkveld i 2007. Men vesle Elvira ville ikkje vente.
For nokre år sidan vart sjukehuset i Florø lagt ned, og reisevegen var då vesentleg kortare for familien.
- LES OGSÅ:
Markert auke
Det har sidan 1980 vore ein markert auke i talet på fødslar utanfor sjukehus. Det påviser jordmor og jurist Berit Grimsrud Syversen i ei ny masteroppgåve i rettsvitskap om erstatningsansvar og fødselsskadar.
– Talet på barn som blir fødde i ambulansar på veg til sjukehus ligg stabilt. Auken kjem av fødslar som skjer andre stader, seier Syversen til Bergens Tidende.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
186 barn vart fødde utanfor sjukehus for 30 år sidan. Det syner tal Bergens Tidende har fått frå Medisinsk fødselsregister. 1981 var året då færrast kom til verda utanfor fødestove.
625 barn vart fødde utanfor sjukehus i år 2000. I 2009 var talet 524.
Dobbelt så mange etter nedleggingar
Sogn og Fjordane hadde sjukehus i Førde, Lærdal, Eid, Høyanger og Florø på 1980-talet. No føder dobbelt så mange kvinner utanfor sjukehus samanlikna med dei første åra på 80-talet.
I dag er sjukehusa i Florø og Høyanger langt ned.
– Sett i forhold til makronivå er tala for Sogn og Fjordane små, og dei varierer veldig frå år til år, seier fungerande leiar for kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav til Bergens Tidende.