Jordmor Anne Eriksson synes dette er gledeleg, og håper indresogningane no har fått fornya tillit til fødestova.
- Det var veldig mykje styr her i fjor, og kvinnene var usikre på kva vi kunne tilby. No vonar vi dei har fått fornya tillit, seier Eriksson.
Halvert
Etter ein lang og bitter strid vart det i januar i fjor klart at fødeavdelinga i Lærdal skulle gjerast om til forsterka fødestove. Dette førte til at færre kvinner ville føde i Lærdal. I fjor var fødselstala nesten halvert i høve til i 2003, då det var 160 fødslar på fødeavdelinga.
Med ei lita auke i høve til same tid i fjor, håper Eriksson no at den negative trenden er snudd. Men ho må erkjenne at det framleis er mange frå Sogn som av ulike grunnar føder andre stader.