Hopp til innhold

Slik er stoda for fjellovergangane

Dårleg vêr gjorde at mange vegar og fjellovergangar var stengde i dag.

Vikafjellet

STENGD: Riksveg 13, Vikafjellet, var stengd på grunn av fare for ras.

Foto: Statens vegvesen

– Det er veldig dårleg vêr på fjellet. Både vind og ein god del nedbør. Det er dårleg sikt, seier trafikkoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen.

– Så det er lurt å sjekke Vegvesenet sine nettsider i dag?

– Det er ein stor fordel, ja, seier Molvær.

Han har eit klart råd til alle som skal ut på vegane i dag.

– Det er veldig mykje steinnedfall når det er mildt. Ta det med ro når ein køyrer rundt svingane, seier Molvær.

Gjennom natta har fleire fjellovergangar vore stengde, men onsdag kveld ser det slik ut:

  • E16 over Filefjell, ope.
  • E134, Haukeli, ope
  • Riksveg 15, ope
  • Riksveg 7, Hardangervidda, ope
  • Riksveg 13, Vikafjellet, nattestengd frå 22.00 - 10.00
  • Riksveg 52, Hemsedal, ope
  • Fylkesveg 50, Aurland–Hol, ope
  • Fylkesveg 53, Årdal–Tyin, ope