Hopp til innhold

Flaumfare på gult nivå

Snøsmelting over 1.000 meter vil auke vassføringa i vassdrag vassdraga i høgfjellet og tilstøytande dalstrok i Sør-Noreg.

Til tysdag morgon har varsom.no ute eit varsel på gult nivå for fjellområda i Vestland, Agder, Telemark, Buskerud og Innlandet.

Vassføringa vil halde seg høg i høve til kva som er normalt for årstida. Det kan føre til lokale flaumar og erosjonsskadar i bekkar og mindre elvar.

Folk blir bedne om å sikre og flytte verdiar vekk frå utsette område, samt å halde seg unna elvar og bekkar med stor vassføring. Dei som har eigedomar inntil vassdraga bør følgje ekstra med.

Vakthavande hydrolog hos flaumvarslinga i NVE, Stein Beldring, seier campingplassar og vegar nærast vassdraga er mest utsett.

– Framleis er det ein del snø i fjellet over 1.000 meter, men det minkar dag for dag. No er det ikkje meldt mykje nedbør, og sler det til vil snøen minke gradvis utan at det medfører dei største problema, seier Beldring.

Flaumfare
Foto: Skjermdump / varsom.no