Flåmsbana opna att

Flåmsbana mellom Myrdal stasjon og Flåm i Aurland er opna for trafikk. Vy opplyser at det framleis kan vere forseinkingar og innstillingar til bana er komen i normal drift. Bana vart stengd laurdag ettermiddag på grunn av eit snøskred mellom Berekvam og Blomheller.

Flåmsbana
Foto: NRK-tipsar