Hopp til innhold

Flåmsbana kjem til å smadre årsrekorden

Når året er over kjem mellom 850.000 og 900.000 reisande til å ha teke den spektakulære togturen mellom Flåm og Myrdal.

Flåmsbana

STADIG NYE REKORDAR: Turistane strøymer til Flåmsbana som aldri før.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er dagleg leiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling som kjem med denne kvalifiserte spådommen. Det er i så fall langt over den gjeldande rekorden, 781.000 i 2015.

– Det som ligg i botnen er at vi har eit godt produkt som er godt kjent ute i verda. Det har vore langsiktig jobbing i snart 20 år med marknadsføring og sal over heile verda som gjer at vi no får vår del av kaka som resten av reiselivet i Norge opplever, seier Bakk om årsaka til auken.

Månadsrekordar kvar månad

28. juni knuste Flåmsbana den 10 år gamle dagsrekorden for tal reisande i løpet av ein dag. Då frakta bana 8306 passasjerar. Flåmsbana har også sett ny månadsrekord - kvar månad - sidan nyttår. Fram til 1. juli var talet på reisande 350.000.

– I mars hadde vi 100 prosent auke i trafikken, i mai 25 prosent. Vinter, vår og haust er satsingsområde for oss, så det er vi veldig godt nøgde med.

Turistar med Flåmsbana

HAR KAPASITET TIL FLEIRE: Berre 66 prosent av setekapasiteten er utnytta.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sivert Bakk seier at sjølve Flåmsbana kan svelge unna langt fleire reisande enn det rekordhøge talet som er venta i år.

– Sjølv i juli brukar vi ikkje meir enn 66 prosent av setekapasiteten vår. Men infrastrukturen i Flåm og på Myrdal finst det nok eit tak på. Vi må gjere noko for å kunne ta godt vare på gjestene. Det gjeld mellom anna parkeringsplassar og toalettkapasitet.