Hopp til innhold

Fjordingen Solvinn (16) er medisinen til MS-sjuke Kristin

Dyreterapi kan kutte medisinbruk, trur forskarar ved Universitetet i Bergen. No blir terapi med hest og hund ein del av medisinstudiet.

MS-sjuke Kristin Iversen har god effekt av fjordingen Solvinn som medisin mot sykdommen sin

PÅ TUR: Noko av den viktigaste terapien for MS-sjuke Kristin Iversen er rideturane med fjordingen Solvinn.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kristin Iversen er klar for ridetur. Ho har lengde lidd av MS. Noko av den viktigaste terapien ho får er her løypene rundt Bontveit aust i Bergen.

– Det er fantastisk. Eg får trent alle musklane. Og så kjem eg meg ut i naturen. Dette har ein veldig god effekt for meg.

Å ri aktiverer dei same musklane som når ein går. Difor er det god trening for dei som slit med sjølv å bevege seg.

Med på turen er som vanleg Tobba Therkildsen Sudmann. Ho er ridefysioterapeut og professor i folkehelse på Høgskulen på Vestlandet.

Ho meiner å vere med dyr har stor gevinst for mange pasientgrupper, både dei med fysiske og psykiske plager.

– Dette er behandling utan medisin og utan kniv. Det er godt for mange formål. Folk kjem seg ut og får trening, seier ho.

MS-sjuke Kristin Iversen på hesteryggen

GOD EFFEKT: – Det er fantastisk. Eg får trent alle musklane. Og så kjem eg meg ut i naturen. Dette har ein veldig god effekt for meg, seier Kristin Iversen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Inn i medisinstudiet

Terapi med hest og hund har vore prøvd ut som ein valfri del av medisinstudiet ved Universitetet i Bergen i eit par år.

No blir valfaget permanent.

Aurora Brønstad, sjefsveterinær på UiB, meiner mange pasientgrupper kan ha stor nytte av dyreterapi.

– På same måte som medisinstudentar lærer om korleis paracet og dispril verkar, må dei lære om korleis hest og hund verkar.

– Er ikkje dette litt alternativt for eit studium som medisin?

– Eg var redd for at ein skulle tenke at dette vart sett på som litt svevande. Men det er veldokumentert at det er helsefremmande effektar å jobbe med dyr.

Til sak om dyreterapi

POSITIV: Mastergradsstudent Line Nessan meiner det er ein god ting at dyreterapi kjem inn i medisinstudiet og i annan helseutdanning.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Studentane liker dyr

Over femti legestudentar har allereie vore gjennom kurs i dyreterapi. Tilbakemeldingane er gode.

– I eit så hardt og teoretisk studie ser er det gjerne terapi for studentane sjølve å vere med hestane, meiner sjefsvetrinær Brønstad.

Sudmann seier at mange studentar får ei «aha-oppleving» og opplever at dyr gjev dei ein ny arena å møte pasientar på.

– Dette bør jo inn i den medisinske verktøykassen til alt helsepersonell.

Med på rideturen i dag er og masterstudent i psykisk helse, Line Nessan. Ho seier ho har stort utbytte av å lære meir om dyreterapi.

– Dyr kan vere ein brubyggar inn til pasientane. Det er fornuftig at dette blir ein del av medisinstudiet, og burde bli ein meir vanleg del av behandlingstilbodet i landet vårt.