Med rundt 200 føl i året blir det stadig fødd for få av den norske nasjonalhesten. Men då fjordingfamilien samla seg i Nordfjordeid for hingsteutstilling bobla det av optimisme.
Rekordmange fjordhingstar stilte nemleg til start i den beinharde konkurransen om å få vere med på fjordhestavlen i framtida.
Det synest leiar i Norges Fjordhestlag, Hege Sæther Moen, er svært positivt.
– Det gir ein veldig optimistisk stemning – det merkar eg. Det har jo gått nedover med hingstar i utstillinga fram til no, så dette er veldig gladeleg, seier ho.
Tårevått
Ein av dei som jobbar hardt for at fjordhesten skal overleve, er Svein-Erik Hafstad frå Førde. Nok ein gong vann den røynde hestemannen den prestisjetunge treårsklassen under hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Denne gongen med førehandsfavoritten Silverjo.
– Eg har lagt ned så mykje arbeid for å greie dette, så eg er nesten heilt på gråten no. Det var veldig kjekt, seier Hafstad.
For få føl
Moen seier det er stor interesse rundt hesterasen, men at dei treng å få opp talet på føla.
– Det er viktig å fremme Fjordhesten, og vi må vel kanskje bli litt flinkare til å formidle dei gode eigenskapane til rasen, seier ho.
For det er framleis ein liten populasjon. Også i år kjem talet på kring 200 føl, fortel Moen.
– Det er lite, men vi har god kontroll på situasjonen. Eg trur vi er på veg oppover, og er absolutt optimistisk, seier ho.
– Vi må vere meir bevisst på å velje Fjordhesten ut ifrå eit verdival – at den er norsk og nøysam.