NRK Sogn og Fjordane fyller 30 år og markerte det med både med
. Musikk og humor stod i høgsetet, med mellom anna Bjarte Børstebråten og comeback med dei populære Fjogningane.- SJÅ:
Fann klede til slutt
Midt i ståheien står programleiarane Erlend Blaalid Oldeide og Gro Ravnestad.
- Vi har bestemt oss for kva vi skal gå med, og har fått på oss kleda, ler Ravnestad i hektiske førebuingsminutt før sendinga tok til klokka 11.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)
Bjarte Børstebråten med slurveorkester, syng bursdagssang til 30-åringen.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK- Ei stor utfordring
Publikum har strøymd til NRK sitt lokalkontor i Førde. I alt 300 gjester er påmelde. I tillegg har svært mange enkeltpersonar funne turen til Prestebøen. Artistane og underhaldarane står i kø for å sleppe til på scena ute i hagen. Mellom andre skal publikum få stifte nærare bekjentskap med Odd-Erik Lothe, Sigrid Moldestad, Oddvar Torsheim, Olav Stedje, Børstebråten frå Radio Røysi og Fjogningane.
- SJÅ:
- Største utfordringa er tida. Å få plass til alle dei fantastiske artistane og spennande intervjuobjekta, seier Blaalid Oldeide.
PS: Då alle NRK sine tilsette skulle synge Sogn og Fjordane-songen, spora Olav Stedje plutseleg over på Sogndal-songen.
På direkten vart siste låt dermed ein hyllest til Sogndal Fotball.
Olav Stedje kuppa showet heilt på tampen av direktesendinga.