Hopp til innhold

Fjernar veglys for å berge insekt

Frå og med 3. juni blir veglys på strekninga Skogsvåg–Klokkarvik på Sotra fjerna for å skåne insekta. – At insekt forsvinn er kritisk, og veglys i sårbare naturtypar er truleg ei av årsakene, seier elektroingeniør Adrian Kasin i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

I desse dagar blir det gjort store utskiftingar til led langs heile vegnettet. På Sotra forsvinn dei gamle armaturar med høgtrykksnatrium, men desse blir ikkje erstatta med led. I staden for kjem det reflekspinnar.