- Vermeldingane var toleleg gode og eg reiste ut for å setje garn. Då eg nesten var framme tok det fyr i maskinrommet, fortel den røynde havfiske-skipperen.
Vi møter den pensjonerte fiskaren i sjukesenga ved Nordfjord Sjukehus. På sindig vis fortel han om den dramatiske hendinga som heldt på å koste han livet tysdag ettermiddag.
Brannsåret på handa og foten, og ikkje minst hosten som følgjer den kraftige nedkjølinga, vitnar om at hans 40-årige liv på sjøen aldri har hengt i ein tynnare tråd.
Eksosrøyrer sprakk
På veg ut Sildagapet sør for Stad måtte han stoppe den vesle platsjarken sin då røyken brått velta opp frå motorrommet.
- Det såg ut som om det var eksosrøyret som sprakk. Det var krafig røykutvikling, fortel Nybakk.
Han tømde brannslokkingsapparatet utan at det nytta. Vasslangen var utanfor rekkevidde og overlevingsdrakta låg i lugaren.
Tok fyr i kjeledressen
Flammane var så kraftige at det også tok fyr i termokjeledressen som Nybakk hadde på seg. Dressen som var laga av nylon tok lett fyr. Og med valet mellom eit glovarmt dekk som var i ferd med å verte slukt av flammar og det kalde havet valde han det siste.
- Det var beste sida eg låg på. Vinden stod i frå sjarken. Eg merka ikkje så mykje til kulden, den kom vel helst litt sigande. Eg måtte jo dukke litt av og til for å gå klar eksplosjonar om bord. Ved hjelp av eit godt tak klarte eg å halde meg oppe av sjøen, fortel 73-åringen roleg.
Klamra seg til to centimeter brei kant
Har du drege så mange garn som Nybakk, vert du sterk i klypa. Fenderlista som han klamra seg fast i, er ein to centimeter brei kant. Her hang han i rundt tre kvarter medan flammane herja rundt han. Varmen var så sterk at aluminiumen på båtsida rundt han byrja å smelte.
Gler seg til jul
Det bur ikkje så mykje folk langs kysten i dette området, men Nybakk rekna med at einkvan ville oppdage brannen i den 27 fot store Mørebas-sjarken. Folk på land ringde og fleire båtar vart sende mot havaristen.
- Då vi kom oppunder båten, så opplevde vi eigentleg ein båt som var totalt overtent. Vi viste ikkje om det var folk ombord eller i sjøen, for vi hadde ikkje fått meldingar om folk. Men då vi kom nærmre oppunder så såg vi at det hang ein person bak båten og heldt seg fast. Vi såg eigentleg berre eit ansikt som stakk fram av flammane. Det er ingen god oppleving. Men vi vart glade då vi såg at det var liv i personen, fortel Thomas Hjelle. Han er båtførar på redningsbåten "Simrad Færder" som tihøyrer sjøredningskorpset i Måløy.
- Eg er såpass veteran at hendinga ikkje har gått innpå meg enno, men det kjem kanskje seinare. Eg gler meg i allefall til jul, seier avsluttar Åsmund Nybakk.
Brannen ombord i sjarken til Åsmund Nybakk vart oppdaga av folk på land. Foto: Thomas Bickhardt.