Hopp til innhold

Fiskaren kjempa i sjøen i fleire timar – redda seg opp på ei lita øy

Redningsskøyta fann mannen våt og kald i eit naust på ei lita øy i Øygarden. – Han har vore i sjøen fleire gonger i løpet av dagen, ifølgje politiet.

Leteaksjon etter savnet fisker i Øygaren

STOR LEITEAKSJON: Helikopter og mange båtar leita etter mannen søndag kveld. Rundt midnatt blei han funnen.

Foto: Redningsselskapet

Mannen i 60-åra la ut i ein 19 fots grå aluminiumsbåt søndag ettermiddag frå Lavikaneset nær Telavåg på Sotra.

Store ressursar blei sette inn då han ikkje kom tilbake. Redningsskøyte, redningshelikopter, kystvakta, politibåt og frivillige i eigne båtar deltok i søket.

Rundt midnatt blei han funnen av redningsskøyta på den vesle øya Hissøyna i Øygarden.

– Han var våt og kald, men vaken, medviten og tilsnakkande. Han fekk raskt tilsyn av mannskapet som fann han, og etter kvart overført til ambulansebåten, der han fekk tørre klede og varmen i seg, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Kjempa i fleire timar

Politiet snakka kort med mannen om det som hadde skjedd.

– Han har vore ute i båt, og forlist på eitt eller anna tidspunkt. Han har då vore i sjøen fleire gonger i løpet av dagen, og har etter kvart klart å koma seg opp på den øya.

– Heldigvis fann han eit naust han kunne ta seg inn i, og halda ein viss varme, seier Hellesund.

Det skal ha vore rundt tre meter høge bølger, kuling og regn i leiteområdet.

– Det står fram som eit lukketreff at han har klart å koma seg til land og under tak. Det er kjempeflaks.

Mannen i 60-åra er frå området, og van med å vera ute i båt.

HISSØYNA: På den vesle øya Hissøyna fann mannen eit naust han kunne søkja ly i. Han la ut i båt frå Lavikaneset, rundt seks kilometer unna.