Fire stakk av etter bilulukke

Fire personar stakk av etter bilulukka på Hanøytangen på Askøy fredag kveld. Det var fem ungdommar i bilen då den krasja, men berre ein var igjen då politiet kom til staden. Etter ei stund kom alle tilbake. Politiet har beslaglagt bilen.

Bilkrasj Askøy 30.07.21 Red
Foto: Politiet