Bil i autovern på Askøy

Ein bil har køyrd fleire gongar i autovernet ved Hanøytangen på Askøy, og har store materielle skadar. Fem personar er involverte i ulukka. Alle er medvitne. Dei blir køyrd til lokal legevakt. Poltiet trur bilen har hatt høg fart før ulukka.