Finansbyråd i Bergen Eivind Nævdal-Bolstad går av
Det kom fram på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.
– Eg er oppriktig lei meg for valet han har tatt, men har òg respekt for avgjersla, seier byrådsleiar Christine Meyer.
Valet er på bakgrunn av at han som kommunens representant i val-komiteane har utnemnt kommunen sine kandidatar til styreverv i selskapa i Fløibanen og Bergen Havn, utan at det hadde vore tatt opp i byrådet.
Førre veke vart det kjent at Bergen kommune, som er ein av eigarkommunane i energiselskapet Eviny, hadde jobba i det skjulte i to-tre månader for å erstatta dåverande styreleiar Jan Erik Kjerpeseth.