Hopp til innhold

Filmstjerne Liv Ullmann debuterer på Festspillene i Bergen som 82-åring

Demens og gløymsel er tema når Liv Ullmann speler i multimedieframsyninga «The American Moth». – Det er litt nervøst, seier teater- og filmstjerna.

Ho har aldri før stått på scena under Festspillene i Bergen.

Men onsdag debuterte skodespelarlegenda Liv Ullmann i Bergen, og det under sjølvaste opningsframsyninga og verdspremieren til «The American Moth».

82-åringen er den einaste norske skodespelaren som er nominert til Oscar.

No speler ho ei like gamal farmor som begynner å bli dement, eit tema ho også er oppteken av privat.

– Eg står veldig nært menneske som er på veg til den absolutte, eigne verda der du ikkje blir tillaten å komme inn lenger, seier Ullmann til NRK før det heile brakar laus.

Liv Ullmann

FILMIKON: Liv Ullmann har lang erfaring frå film og teater i inn- og utland, men det er først no ho deltek i Festspillene i Bergen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Mikrofonen er festa i panna. Nervane før urpremieren er også på plass.

– Det er litt nervøst. Eg har i alle fall manuskriptet som ein tryggleik.

Ho spelar nemleg ein skodespelar som går rundt og ber på eit manus.

– Ho kjenner etter kvart ikkje att orda, seier Ullmann.

Får bere på manuskript

– Korleis er det med din eigen gløymsel etter kvart?

– Den gløymselen er heilt til stades, og jo meir vi held på med dette så begynner vi jo å lure. Men eg lurar ikkje berre på meg sjølv, eg lurar på nokre andre også. Eg meiner gløymselen kjem tidleg i livet, seier Ullmann.

For regissør Alan Lucian Øyen betyr det alt å få Ullmann med på laget.

– Det er ein livslang draum å jobbe med Liv. Eg kan ikkje tru at ho har sagt ja. Ho er jo eit ikon, seier ho.

– Kva skulle til for å få ho med?

– Vi har hatt ein god dialog, og eg trur vi snakkar litt det same språket. Ho er veldig lett å jobbe med.

Festspeldirektør Anders Beyer er også stolt.

– Det er jo enormt stas for alle som kan hugse ho og karrieren hennar, seier han.

Liv Ullmann

STJERNELAG: F.h. Liv Ullmann med Yvonne Øyen som speler dottera hennar, og regissør Alan Lucian Øyen.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Vanskeleg å leve med eit dement menneske

Regissør Øyen er sjølv frå Bergen, og synest det er stor stas å ha premieren på stykket i heimbyen. Seinare skal framsyninga til både Asia og USA, og har med fullt orkester og dansarar i verdsklasse frå fleire kontinent.

– Berre nokre veker tilbake visste vi ikkje om vi ville få utøvarane inn i landet. Det var ikkje mogleg før vi kunne søke om unntak, og heldigvis fekk vi det, seier regissøren.

Både Ullmann og Øyen trur temaet gløymsel og demens er eit viktig og sårt tema for mange.

– Det er ei vakker side at ein er på veg til ein annan stad. For dei som blir gløymd er det ofte svært vanskeleg å leve med eit dement menneske, seier film- og teaterstjerna.

Fullvaksinert og på reise frå USA

Sjølv bur Ullmann for det meste i USA. Ho er ferdig vaksinert og kjenner på ei stor glede over å kunne reise nokon stad etter eit år med nedstenging og koronapandemi.

Særleg når sola skin og varmegradene stig til 20 i våryre Bergen.

– Eg synest det er deilig. Det å få lov til å krysse grensene og få lov til å vere ein kunstnar og leve i ein atmosfære av eventyr, draum og stille: eg kunne nesten ikkje funne ein betre stad enn Bergen, seier Ullmann.