Hopp til innhold

«Festivalane våre går frå rekord til rekord»

Festivalsommaren i fylket har vore ein braksuksess med publikumsrekordar på fleire av festivalane. Dei fire største musikkfestivalane har hatt eit samla besøkstal på nesten 70 000 i sommar.

Utkant

REKORDBESØK OVER HEILE FYLKET: 10 000 besøkjande gjorde at Utkantfestivalen hadde nok eit rekordår. Her står Big Bang på scenaunder årets festival i Gulen.

Foto: Siri Linn Brandsøy

Det er ikkje over heilt endå, men hittil er det mange i fylket som har brukt ei helg eller to på festivalar i sommar.

Malakoff Rockfestival på Eid, Folkemusikkfestivalen i Førde, Countryfestivalen på Breim og Utkantfestivalen i Gulen har saman samla nesten 70 000 personar i sommar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Malakoff

MALAKOFF: Første kveld på årets Malakoff-festival sette ny publikumsrekord.

Foto: Øystein Torheim

Rekordar for mange

Med strålande vêr og over 10 000 besøkjande i helga som var, vart det nok ein rekord for Utkant-festivalen i Gulen. Nestsjef for festivalen, Njål Wilberg seier han aldri hadde håpa på så mange besøkjande.

– 10 000 var langt meir enn vi hadde drøymt om. Vi har jo ikkje ein gong kapasitet til å ta i mot så mange, men når laurdagen kom og sola framleis var på plass gjekk det rett veg, seier festivalarrangøren nøgd.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Slik kosa dei seg på Utkant'13

Ei anna som nøgd kan seie seg ferdig med årets festival er Hilde Bjørkum som er festivalsjef for Folkemusikkfestivalen i Førde. Fyrste helga i juni tok 25 000 personar turen til Førde for å få med seg største festivalen for tradisjons- og verdsmusikk i Skandinavia.

– Det er rett og slett fantastisk at festivalane her går så bra som dei gjer. Vi ser at folk set enormt stor pris på festivaltilbodet. Det er jo noko som passar for alle, seier Bjørkum.

– Kvirfor går det så bra for festivalane i fylket?

– Det er det nok mange grunnar til, men eg trur absolutt naturen vår spelar ei stor rolle. Den set ei ramme rundt festivalane her i Sogn og Fjordane som ingen kan måle seg med. Dette gjer jo at publikum får esktra spesielle opplevingar, fortel Bjørkum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Countryfestivalen på Breim

COUNTRYFESTIVALEN PÅ BREIM: 11.600 cowboyar besøkte festivalen på Breim i sommar.

Foto: Runar Sandnes

Vil behalde identiteten

Det har tidlegare vore diskutert om det er for mange festivalar her i fylket. Med 70 000 tilskodarar på ein sommar vil nokon kanskje seie at det er svar på kritikken.

– Mykje av grunnen til at det går så bra for festivalane trur eg har mykje med at alle festivalane her har klart å skape sin eigen identitet. Det er plass til alle festivalane vi har, det har vi verkeleg sett i sommar, seier Wilberg.

Han fortel at dei ikkje vil gjere Utkantfestivalen større enn den er no, nettopp for å halde på intimiteten det blir på mindre festivalar.

– Dersom vi skal utvide på Utkant blir det gjennom andre arrangement. Sjølve Utkant-helga skal framleis vere intim og vakker, seier han stolt.