Hopp til innhold

Køyrde fortast - vann ei geit

Ruben Røbekk (17) frå Førde vann dagens kinesiske utforkøyring på Fjellsportfestivalen, og fekk ei geit i premie. Ei symbolsk handling, seier festivalsjef Tor Yttri.

Kinesisk utfor på Fjellsportfestivalen i Sogndal. Vinnaren var Ruben Røbekk frå Molde, som vann ei geit.

KINESISK UTFOR: Ruben Røbekk vann ei geit for sigeren hans i dagens konkurranse. Sjå klipp her. Foto: Steinar Lote/Heidi Lise Bakke

Det var ein overraska 17-åring som etter dagens siger i kinesisk utfor på Fjellsportfestivalen i Sogndal, vart overrekt ei geit som premie.

– Det var litt spesielt at eg skulle ta imot ei geit, men greitt det. Den kan ta graset, den, seier Ruben Røbekk (17) frå Førde.

  • SJÅ REPORTASJE OM SPEEDRIDING NEDST I SAKA

Ei ny oppleving

Som ein av tolv deltakarar i dagens konkurranse i kinesisk utforkøyring var det førdianaren som stakk av med sigeren. I tillegg til geita vann han eit par ski, samt ei lokaldesigna jakke.

– Det var kjekt. Det var ei ny oppleving. Eg har ikkje vore med på arrangerte løp før, for vi bur på ein stad der dette er ein sport som eigentleg ikkje er noko kjend, seier Røbekk.

Og 17-åringen er stornøgd med det Fjellsportfestivalen har å by på. Laurdag er planen å prøve isklatring.

– Dette er noko av det mest morosame eg har vore med på. Spesielt løpet. Det å køyre nedover der og sjå helikopteret i sidesynet og vite at det filmar deg heile vegen, og det å høyre folka som jublar der framme. Det var ei fin oppleving, seier Røbekk som nærmast kjende seg som ein stor idrettsutøvar i det han suste ned mot målstreken.

(Artikkelen held fram under videoen)

Isklatring under Fjellsportfestivalen i Sogndal.

ISKLATRING: Sjå klipp frå isklatringa i Sogndalsdalen. Foto: Fjellsportfestivalen

Symbolsk geit

Å få ei geit til premie tok Røbekk mest som ein spøk, men for festivalsjef Tor Yttri har premien langt større symbolsk verdi. Han ønskjer nemleg at Fjellsportfestivalen kan vere med på samle midlar for at geitebønder i Sogn skal kunne ha fleire geiter som kan beite ned Sogndalsdalen.

– Dette var vel ei symbolgeit på at vi vil prøve å få hundrevis, og forhåpentlegvis tusenvis, av geiter i Sogndalsdalen til å beite ned skitrasear og sykkeltrasear. No har vi hogd ned mykje skog, men så veks den opp att. Om vi har geiter der om sommaren held vi det nede med fantastisk vakkert kulturlandskap og så vert det mykje finare å stå på ski der om vinteren og sykle downhill om sommaren, seier Yttri.

Geita til Røbekk var den første som er «donert» til Fjellsportfestivalen, denne gongen av Jostein Kvåle, som er geitebonde i Sogndal. Sjølv om geita no høyrer til 17-åringen skal han likevel sleppe å ta ho med seg heim.

– Han får geita, men vi skal halde fjøsplass så han skal sleppe å ta den med seg opp att til Førde, men det er hans geit. Så viss han vil slakte den er det han som bestemmer det, men eg trur han heller er interessert i at den skal ut i arbeid, flirer Yttri.

Vil ha fleire geiter

Målet hans er likevel hundre prosent seriøst.

– Eg håpar vi kan gjere vårt for at bøndene i Sogndalsdalen kan fylle fjøsane med geiter. Det er draumen vår, så får vi sjå korleis vi klarar å lage til det prosjektet framover. Om vi på kreative måtar kan vere med på å skaffe midlar til det, trur eg vi alle kan nyte godt av det, seier festivalsjefen.

Elles kan Yttri seie seg godt nøgd med andre dag på festival. Han er let seg imponere av innsatsen til deltakarane på kinesisk utfor.

– Det er nokre utruleg tøffe typar, og så er det veldig moro at det stiller fem jenter. Det er veldig imponerande, det har ikkje vore vanleg tidlegare, seier han, og oppsummerer dag nummer to som heilt konge.

Speedriding under Fjellsportfestivalen i Sogndal.

SPEEDRIDING: Fredag sette også fleire utfor snøkledde fjell der andre ikkje får køyre ski nedafrå. Kombinasjonen av fallskjerm og ski gjer dette mogleg. Foto: Steinar Lote/Heidi Lise Bakke. Reporter: Terje Gilleshammer