Av:
Olga Wergeland
Ei kvinne frå Nordfjord er dømd til fengsel for å ha tatt ut pengar på eit bankkort utan dekning.
Retten legg til grunn at kvinna visste at det ikkje var pengar på kontoen og at ho med vilje tok ut pengar som ho ikkje var i stand til å betale attende.
Kvinna er no dømd til i overkant av ein månad fengsel på vilkår for varekjøp og minibankuttak på til saman 40 000 kroner som ho ikkje hadde dekning for.