Hopp til innhold

Fekk storlaks på første forsøk

Sølvi Vereide hadde aldri fiska i ei lakseelv før. Men i natt fekk ho ein rugg på 15,5 kilo i Gloppeelva.

Sølvi Vereide og Frode Hansen med laks

Sølvi Vereide med laksen på 15,5 kilo og Frode Hansen som hjelpte til med å få ruggen på land.

Foto: privat mms-foto

Ho var i lag med fleire Avinor- og Widerøe-tilsette som var samla på Gloppen Hotell og som skulle få prøve fiskelukka i lakseelva. Og det vart ei minnerik natt for Sølvi.

– Det var heilt utruleg, det var heilt kanon. Det var i firetida i natt, eg fekk beskjed om å gå opp forbi brua, for der var det bra med den stanga eg hadde. Eg kasta uti fem-seks gonger, og plutseleg beit det på kroken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sølvi Vereide med laks på 15,5 kilo

Sølvi Vereide hadde ei stor oppleving i Gloppeelva.

Foto: MMS-foto: Frode Hansen

Ropte om hjelp

– Eg tok til å sveive inn, og såg det kom ein «liten fisk» inn mot land, og eg tok til å rope om hjelp, og dei kom no etter kvart. Utan hjelp frå Frode Hansen trur eg ikkje eg hadde fått han på land.

Ho kjempa med storlaksen i rundt 25 minutt, men var ikkje spesielt sliten, meir prega av spenninga etterpå.

Og Sølvi Vereide var ikkje den einaste kvinna i fylgjet som aldri hadde fiska før og som fekk fisk. I alt vart det landa tre laksar denne fine sommarnatta i Gloppeelva. Alle tre vart fiska av kvinnelege Avinor/Widerøe-tilsette.

Irene Nesje Roset fekk ein laks på 7,8 kilo og Ann Kristin Vollstad ein på 4,2 kilo. Ingen av dei hadde heller teke i ei laksestang før. Og for Sølvi Vereide var dette ei oppleving som ho godt kan tenke seg å få fleire av.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tre damer med laks i Gloppeelva

Frå v. Ann Kristin Vollstad, Sølvi Vereide og Irene Nesje Roset.

Foto: MMS-foto: Frode Hansen

– Gav meirsmak

– Dette gav meirsmak. Eg kjem til å bli ein god kunde i lakseelva både her og andre stader. Og så har eg ein mann som nok kjem til å fiske og, han er litt misunneleg, han er litt furten for at han ikkje har fått fisk, fortel ei lattermild Sølvi Vereide etter den store opplevinga i Gloppeelva.

Det var Frode Hansen som hjelpte Sølvi med å få storlaksen på land, og han seier at karane i fylgjet har greidd å heve seg over det at ingen av dei fekk fisk, medan tre damer demonstrete fiskelukke.

– Vi var litt skuffa, men eigentleg tok gleda oss. Det var damene som tok natta, vi hjelpte dei, og vi gler oss over det, men eg må vedgå at eg er litt misunneleg.

Hansen fortel at det vart landa tre laksar totalt i Gloppeelva i natt, alle vart landa av fylgjet frå Avinor/Widerøe og alle vart landa av kvinner som aldri hadde fiska laks før.

Han fortel at dei feira fangsten med ein god frukost på Gloppen Hotell, før dei skal vidare ut på fjorden til neste punkt på programmet. Det er dei tilsette i Avinor og Widerøe på Sandane Lufthamn som har spandert på seg denne opplevinga, saman med eit flymannskap frå Widerøe.