Hopp til innhold

Eventyrleg start på årets laksefiske

Etter 21 dagar vert det rapportert om eit svært godt laksefiske i mange av elvane i Sogn og Fjordane.

Atle Frøysland

GOD START: Atle Frøysland i Fabelaktiv melder om godt fiske til no. Her får han ein sværing på kroken.

Foto: Jon Petrusson

Fisket starta første juni, og håpet var ein god sesong etter nokre magre år med dårleg fiske.
I Årøyelva i Sogndal har det vore ein rekordstart på sesongen.

– Eg var nede og prøvde lukka klokka 07.15 1. juni, og allereie 07.35 hadde eg den første laksen på. Vi tok tre laks berre den morgonen, og sidan har det gått slag i slag, seier grunneigar i Årøyelva i Sogndal kommune, Knut Munthe Olsen.

Knut Munthe Olsen

FANTASTISK: Grunneigar i Årøyelva, Knt Munthe Olsen, har grunn til å smile.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ser ut til å bli betre enn i fjor

Med eit snitt på ti kilo per fisk, kan fiskarane i Årøyelva smile frå øyre til øyre.

– Det er heilt utruleg. Vi har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra. I 2010 hadde vi ein svært god fangst, og i fjor var det eventyrleg. I år har det starta endå betre enn i fjor, seier Olsen.

I Gaula er det til no fiska like mykje som i fjor på same tid. Men fleire storfiskar gir høgare snittvekt.

– Til no ser alt svært bra ut. Så får vi håpe det held fram på same måten, seier Atle Frøysland i FabelAktiv.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Laksefiske i Flekke elva

Laksefiske i Flekke elva

Pangstart i Gloppen

Også i Nausta ligg forholda svært godt til rette for eit godt fiske når elva opnar 22. juni.

– Observasjonar i elva tyder på at det er veldig bra med laks i år, seier Frøysland.

For Gloppenelva har det også blitt ein pangstart. Ifølgje Gloppen Hotell – eigar, Dag Moen, har alle fiskekorta vore utselde i lang tid.

– Berre på dei 35 første minutta stod det seks fiskarar som hadde fått laks på kroken. Det var ein heilt utruleg start, seier Moen.

Har ingen fiskekort att

Heller ikkje i Flekke er det eit einaste fiskekort igjen. Men fiskeentusiast Bjarne Huseklepp ventar på meir vatn før han slepp jubelen laus.

– Vi har hatt lite vatn og det har vore kaldt og mykje nordavind. Regn derimot, er musikk i mine øyre, seier Huseklepp.