Hopp til innhold

Fekk refs av kommunestyret

Kommunestyret er ikkje nådige med ordførar Arne Sanden (Ap). Dei var samde i at konflikta har råka heile lærdalssamfunnet hardt, og at det er Sanden som må stå ansvarleg for det.

Ekstraordinært kommunestyremøte
Foto: Simon F. Solheim / NRK

Kommunestyret vedtok gruppeleiarane sitt framlegg, og gav dermed rådmannen full tillit. No ventar kommunestyret at Sanden endrar arbeidsmåten sin framover, og at han og rådmannen legg striden bak seg og samarbeider.

Konflikta mellom Sanden og Grytten var den første saka som vart behandla av kommunestyret i Lærdal, og er den einaste saka som stod på dagsorden i kveld.

– Vi har tillit til rådmannen

– Eg vil be om ein god og sakleg debatt, sa fungerande ordførar Lars Petter Nesse (Sp) då han opna møtet.

Olaug Skjerdal (Sp) fekk ordet først, og sa at det er viktig at kommunestyret får eit samrøystes vedtak i dag.

– Eg er ikkje gild for å stå her i dag. Saka som skal opp er ei beklageleg sak for Lærdalssamfunnet. Dei siste fjorten dagane har konflikta vore eit tema blant folk landet rundt. Det er ingen god pr for kommunen, sa Skjerdal i sitt innlegg.

Ho sa også at det er viktig at saka kjem på dagsorden, uansett kro vanskeleg saka er.

– Vi har tillit til rådmannen vår, avslutta Skjerdal.

– Ingen god dag

– Dette er ingen god dag for nokon av oss. Det er ei alvorleg sak vi skal diskutere. Dette er som eventyret om fjøra som vart til fem høns. Vi såg på dette som ei lita sak, men som har fått store dimensjonar. Her må media ta ein stor del ansvaret, sa Geir Børge Øverland (Ap) frå talarstolen og la til:

– Eg håpar at vi ser på sjølve saka i debatten er i dag. Vi skal samarbeide i denne kommunen, og vi skal leve saman framover.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Geir Børge Øverland (Ap)

STREKT SEG LANGT: Geir Børge Øverland (Ap) fortel til NRK at partigruppa har strekt seg langt for å få til eit samrøystes vedtak.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Jan Olav Fretland (SV) sa han var stolt over at gruppeleiarane har greidd å kome fram til eit sømeleg politisk resultat, trass i den sterke konflikta.

– Eg har respekt for gruppa til Arbeiderpartiet. Dette er ikkje lett for dei, sa Fretland.

Fretland gav rådmann Bent Arild Grytten full støtte, og gav sterkt uttrykk for at dei har stor tillit til han og arbeidet han har gjort.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Ekstraordninært kommunestyremøte

SLUTT: Møtet starta klokka 18.30 og var slutt litt over klokka sju. Alle medlemmane i kommunestyret var samde i at ordføraren har opptrådd på ein uakseptabel måte.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Halvtimes møte

Møtet vart avslutta litt over klokka sju, etter ein halvtimes debatt. Kommunestyret har samrøystes vedteke at ordføraren må ta skulda.

Sanden er framleis sjukmeld, og har melde forfall på det ekstraordinære kommunestyremøtet som starta klokka 18.30 i kveld.

Rådmann Bent Arild Grytten møtte opp, og sat på tilskodarbenken.