Hopp til innhold

Fekk namnet Robek 1 og 2

I løpet av romjula har dei to skutene som stod igjen på torget i Måløy etter Tall Ships Races fått namn.

Robek 2 i Måløy
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nokre spøkefuglar har i løpet av ei mørk natt teikna med tusj på skutene som ramma inn scena, og gjeve dei namnet Robek 1 og Robek 2.

Sjå bilete frå seglskutefesten

Tall Ships Races 2008

Åpningsshowet til Tall Ships Races

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ei lite hyggeleg liste

Robek er lista over kommunar som er under statleg kontroll på grunn av for dårleg økonomisk styring.

Då kommunen presenterte budsjettet sitt for neste år, sa rådmann Ørjan Raknes Forthun at dei med dette mest truleg kjem til å bli ein Robek-kommune.

Må dekkje inn 25 millionar

I tillegg til 13 millionar i underskot på seglskutefestivalen Tall Ships Races, har Vågsøy kommune opparbeidd eit underskot på 12 millionar kroner på den kommunale drifta i år. For å komme i overskot har kommunen mellom anna føreslege å legge ned to skular .

Kommunestyret vedtek budsjettet i kveld.