Hopp til innhold

Vil legge ned to skular

Vågsøy-ordførar Rogar B. Silden vil leggje ned to skular som del av ei større innsparingspakke.

Holvik skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Store kutt i skulesektoren, innføring av eigedomsskatt og bruk av fondsmidlar skal spare inn millionane kommunen tapte på seglskutefesten.

Holvik og Bryggja

Som ein del av ei større innsparingspakke bør vi leggje ned to skular, seier ordførar Roger B. Silden.

- Vi må legge ned dei to minste skulane, Holvik og Bryggja. Det gjer at vi får litt fleire elevar i Måløy og Deknepollen og dermed ein meir effektiv skule der.

- Uavhengig av Tall Ships Races

Kveldssteming under Tall Ships Races i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

- Så det er altså dei minste skuleelevane som no må blø for at de har kasta vekk så mykje pengar på Tall Ships Races.

- Nei, dette er noko som måtte gjerast uansett om vi hadde fått underskot på Tall Ships Races eller ei.

Må dekkje inn 25 millionar

I tillegg til 13 millionar i underskot på seglskutefestivalen Tall Ships Races, har Vågsøy kommune opparbeidd eit underskot på 12 millionar kroner på den kommunale drifta i år.

Eigedomsskatt

Eit fond på 17 millionar kroner blir brukt til å dekkje delar av underskotet. Det resterande skal hentast inn gjennom å kutte fire millionar kroner årleg i skulesektoren, og på å innføre eigedomsskatt som vil gje årlege inntekter på 11 millionar kroner.

- Like godt skuletilbod

Ved å kutte i skulebudsjettet under kommunestyremøtet no i romjula, står politikarane fritt til å leggje ned skular på vårparten neste år. Silden avviser at nedlegging av Bryggja og Holvik skular vil føre til eit dårlegare tilbod til elevane.

- Vi i Vågsøy brukar ein del meir på skule pr elev enn kommunar vi kan samanlikne oss med, så dersom vi gjer dei rette grepa trur eg vi kan få like god skule om vi må gjere desse kutta. Vi må tenkje på innhaldet i skulen og ikkje berre på kvar skulen ligg.

2009-budsjettet skal bankast igjennom på kommunestyremøtet måndag, og Silden håper på fleirtal for dei skisserte tiltaka.