Hopp til innhold

Fekk denne krabaten i garnet

Fritidsfiskar Geir Håkon Andersen fekk ein sjeldan gjest i garnet. Blant torsk, lyr, flyndrer, sjøaure og eit par krabber, dukka det opp ein St. Petersfisk.

St. Petersfisk fanga i Moldefjorden

SPESIELL FANGST: Hobbyfiskar Geir Håkon Andersen har ikkje høyrt om andre som har fanga St. Petersfisk her i fylket.

Foto: Geir Håkon Andersen / NRK

– Det er litt spanande kvar gong du trekkjer garnet, du veit aldri kva du får, seier den ivrige fiskaren frå Selje.

Tatt på garn ved Stadlandet

Geir Håkon Andersen

IVRIG FISKAR: Saman med kona Idun dreg Geir Håkon Andersen om bord fisk av ulikt slag i fritidsbåten i Selje. Tre gonger har fangsten vist seg å vere St. Petersfisk.

Foto: Privat

Den spesielle fisken vart fanga på garn i Moldefjorden i Selje tidlegare denne veka. Dette er tredje eksemplaret Andersen har fått av arten i løpet av dei to siste åra. St. Peterfisken trivst opphavleg best på varmare breiddegrader.

– Eg ringde Akvariet i Bergen då eg fekk den første. Då fekk eg beskjed om at dei var komne inn til Norge for ein 10–15 år sidan. Det er litt rart, men det har vel med temperaturen å gjere, fortel fiskaren.

Det var lokalavisa Fjordenes Tidende som først fortalde om fangsten.

Les også: Har du sett ein slik fisk før?

St. Peter-fisk

TRIVST I VARMARE STROK: St. Petersfisken blir gjerne fiska i Middelhavet og utanfor kysten av Nord-Afrika.

Foto: Geir Håkon Andersen

Ikkje høyrt om andre i Sogn og Fjordane

Andersen er aktiv innan havfiskarmiljøet, men har ikkje høyrt om andre som har gjort fangst av den noko spesielle fisken i Sogn og Fjordane.

– Hadde eg berre fått éin, hadde det kunne vore ein som berre hadde forvilla seg, men når eg får tre på relativt kort tid, så er det litt spesielt, meiner Andersen.

Saman med kona Idun Ulvestad Andersen har han oppretta ei eiga fiskeside på Facebook. Sida har 3200 følgjarar frå heile verda. Her har Andersen lagt ut bilete av St. Petersfiskane han har fått. På sida undrar følgjarane kvar og korleis han har fått på land.

Les også: Denne delikatessen kan du få i garnet

Fritidsfiske i Selje

HAVFISKE: Med base i Selje fiskar Geir Håkon Andersen mykje i områda rundt Stad. St. Petersfisken fekk han på om lag 10 meters djupne i Moldefjorden, der Stad skipstunnel skal komme.

Foto: Geir Håkon Andersen

Ikkje freista å ete den

Sjølv om Andersen, som opphavleg kjem frå Fusa i Hordaland, er driven fiskar som er vand med fisk av ulike slag, har han ikkje freista å lage til St. Petersfisken som måltid.

– Det skal visst vere ein god matfisk. Men den er heilt rund og tynn som ei pannekake, så eg kan ikkje skjønne at det er mykje mat i den. Men den ser litt artig ut, seier Andersen.

– Så de har ikkje forsøkt å lage til den?

– Nei, vi har berre sleppt dei ut igjen, ler fritidsfiskaren.

Ps. Etter at NRK publiserte denne artikkelen, kom denne e-posten inn til redaksjonen:

«Eg har sjølv fått ein slik fisk på garn for ca 10 år sidan i Førdefjorden ved Naustdal. Han er lett kjenneleg på den mørke flekken på sida. Denne flekken er fingeravtrykket etter apostelen St. Peter.», skriv ein fritidsfiskar i Førde.