Hopp til innhold

Farevarsel for skogbrann: Vil ha forbod mot eingongsgrillar

Tørt terreng og høge temperaturar gjer at det no er sendt ut gult farevarsel for skogbrann langs kysten frå Vestland til Troms.

Kaupangerholten

TØRT: Med høge temperaturar i vente sender brannvesenet ut gult farevarsel for skogbrann frå Vestland til Troms. Her frå Kaupangerholten i Sogn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

No fryktar brannvesenet at sommarvêret til helga gjer at mange er uforsiktige med open eld når dei dreg på tur i skog og mark.

– Om du ikkje har hovudet heilt med deg og veit kva du held på med, så kan det fort bli ei stor utfordring for vår del.

Det seier Torill Anita Segtnan i Sogn brann- og redning til NRK.

I hennar område ligg blant anna dei store skogområda på Kaupanger, som på finvêrsdagar er populære utfartsmål.

Vil ha grillforbod

I dette området har brannvesenet alt vore på fleire utrykkingar for å sjekke ut bål og grillar som folk har forlate utan at dei er tilstrekkeleg sløkt.

Segtnan tek no til orde for at bålforbodet også skal gjelde eingongsgrillar.

– Vi har ein del stygge hendingar med eingongsgrillar og dei skulle vi helst ha hatt eit forbod mot i utgangspunktet, meiner ho.

Ho peikar særleg på at brannvesenet likar dårleg når ein tenner opp eingongsgrillar i skogsområde.

– Problemet er gjerne at dei blir ståande heilt nede på bakken og dei kan stå og gløde i timevis når dei er ferdig brent ut. På tørr skogbotn, eller for den del på ein tørr terrasse, så er ikkje det noko særleg, seier Segtnan.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) trur ikkje at eit forbod er den beste løysinga.

– Dei aller fleste handterer dette på ein ansvarleg og bra måte, men det er viktig å informere folk i periodar der det er ekstra tørt. Dei må ikkje brukast i skog og mark, seier avdelingsdirektør i DSB, Johan Marius Ly.

Engangsgrill Kristiansund som var årsaken til brannen på Frei.

BRANNÅRSAK: Denne eingongsgrillen var årsaka til skog- og lyngbrannen på Frei i 2020.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Varmen kjem i helga

Meteorologisk institutt sende denne veka ut gult farevarsel for skogbrann frå sør i Vestland og heilt til Troms.

Særleg på Vestlandet har det vore lite nedbør den siste tida og til helga kan temperaturane kome opp i over 25 grader fleire stadar.

– Sol og fint vêr skal nytast, men hugs å vere litt ekstra forsiktig med open eld dei neste dagane, melder meteorologane.

Dei peikar på at gamal vegetasjon frå i fjor tørkar fort ut og er lettenneleg.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) overvakar skogbrannfaren og er klar til å setje inn ekstra ressursar om det blir naudsynt.

– Før pinse sette vi to skogbrannhelikopter i ekstra beredskap, eitt i Rogaland og eitt i Nordland, seier Ly i DSB

Gode råd på vegen

Torill Anita Segtnan i Sogn brann- og redning har i alle fall klare råd til dei som har tenkt seg ut på tur den komande tida:

  • Ikkje tenn opp bål eller grillar andre stadar enn der det er tilrettelagt for det.
  • Ta med sløkkemiddel som til dømes ei vasskanne.
  • Forlat aldri eit bål eller ein grill som ikkje er heilt sløkt.
  • Hugs at du er ansvarleg for eventuelle konsekvensar.

– Må vi ut i ettertid, så kan det fort ende opp med politimelding og økonomisk konsekvens dersom det fører til større aksjonar, påpeikar Segtnan.

Laster Twitter-innhold