Hopp til innhold

Helsingane strøymer på etter hjernebløding

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik snakka med Lars Sponheim kort tid før han vart råka av hjernebløding.

Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland

MILD HJERNEBLØDING: Lars Sponheim vart brått sjuk måndag og har fått ei mild hjernebløding.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg håper inderleg og ber om at han må kome gjennom dette og bli frisk igjen, seier Kjell Magne Bondevik.

Statsforvaltar i Vestland og tidlegare Venstre-leiar Lars Sponheim (63) er lagt inn på sjukehus etter å ha fått konstatert ei mild hjernebløding. Han vart brått sjuk måndag og er sjukmeld inntil vidare, melder Sogn Avis.

No strøymer helsingane på frå partivener og tidlegare regjeringskollegaer.

Lars Sponheim er tidlegare stortingsrepresentant for Hordaland og tidlegare nærings- og handelsminister og landbruksminister i Kjell Magne Bondeviks to regjeringar.

– Lars var ein av dei næraste, mest fortrulege medarbeiderne i dei to regjeringane eg leia. Han er ein av dei eg har halde kontakt med etterpå også. Vi hadde faktisk ein prat seinast for to-tre veker sidan, seier Bondevik.

Parlamentarisk leder i KrF Kjell Magne Bondevik (f.v.), venstreleder Lars Sponheim og Senterpartiets leder Anne Enger Lahnstein under regjeringsforhandlingene på Voksenåsen i 1997, som ledet fram til Sentrumsregjeringa med Bondevik som statsminister.

GODE VENER: Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik seier han håper og ber for at Lars Sponheim raskt blir heilt frisk igjen.

Foto: Lise Åserud, Scanpix

Frå 2010 var han fylkesmann i Hordaland, medan han frå januar 2019 vart statsforvaltar i Vestland.

– Eg ønsker Lars alt godt. At han får tilbake helsa og kreftene. Han har mykje ugjort som statsforvaltar i Vestland, seier Bondevik.

Også statsminister Erna Solberg var regjeringskollega med Lars Sponheim i den andre Bondevik-regjeringa.

– Eg ønsker Lars god betring. Eg håper han er på betringas veg og at vi snart har han tilbake på jobb som statsforvaltar i Vestland, seier ho gjennom pressekontakten til Statsministerens kontor.

Erna Solberg og Lars Sponheim

SENDER HELSING: Statsminister Erna Solberg sat i regjering med Lars Sponheim i den andre Bondevik-regjeringa.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Sjokkarta

Tidlegare Venstre-leiar, Trine Skei Grande, vart lei seg då ho fekk meldinga.

– Det var ein skummel beskjed å få. Så veit eg at Lars er ein hardhaus som klarer å nedkjempe mykje motgang. Eg håper han er klar for å nedkjempe dette også.

– På vegner av alle oss i Venstre så ønsker vi han god betring og håper at han fort er tilbake igjen som statsforvaltar.

FFtE5OHlaMk

VARME TANKAR: Tidlegare Venstre-leiar Trine Skei Grande håper Lars Sponheim bruker alle kreftene han har for å kom raskt tilbake til helse og aktivt liv.

Foto: Erik Johansen / NTB

Tidlegare Venstre-leiar og regjeringskollega, Odd Einar Dørum, vart overraska då han fekk meldinga.

– Det er like sjokkarta for meg som det sikkert er for mange andre. Eg sender han mine varmaste helsingar.

– Han har ein enorm viljestyrke til å klare det. Det veit eg på nært hald. Eg håper han bruker alle kreftene livet har gitt han for å kome tilbake til helse og aktivt liv. Det ønsker eg av heile mitt hjarte.

Odd Einar Dørum

LANGT SAMARBEID: Tidlegare Venstre-leiar Odd Einar Dørum seier det var sjokkarta å få meldinga.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Sponheim er ein av dei mest kjende personanene frå Ulvik. Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen seier «alle» kjenner Sponheim, enten som tidlegare politikar eller i nyare tid for statsforvaltar.

– Vi ønsker sjølvsagt sambygdingen vår god betring, seier han.

Hans Petter Thorbjørnsen, ordfører i Ulvik (Ap)

ØNSKER GOD BETRING: Ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen seier «alle» kjenner Lars Sponheim, og han ønsker god betring.

Foto: Tale Hauso / NRK

På sosiale medium er det også fleire som har sendt meldingar.

Laster Twitter-innhold

– Mange blir bra igjen

Kvart år får rundt 12 000 personar i Noreg hjerneslag, opplyser LHL. Hjerneslag er ein fellesbetegnelse for hjerneinfarkt (blodpropp) og hjernebløding.

Dei fleste som får hjerneslag får blodpropp, rundt 85 prosent. Dei resterande får hjernebløding.

Rundt ein tredjedel av dei som blir råka får ikkje varige etterverknader, seier slagsjukepleiar Marita Lysstad Bjerke.

– Det er veldig individuelt. Det kjem an på kor stor blødinga eller infarktet er og kva som er årsaka til at skaden oppstod. Og ikkje minst: Kor raskt kjem ein til behandling.

Ho seier fagfolk opererer med «den gylne timen».

– Då har ein større moglegheit til å igangsette akuttbehandling som bevarer store delar av hjernevevet. Jo tidlegare ein kjem til behandling, jo tidlegare er moglegheita for å kom seg og bli godt restituert.

Assisterande statsforvaltar Gunnar Hæreid tek over embetet inntil vidare. Han seier til Sogn Avis at han har jamleg kontakt med Sponheim, og at han har det bra.