Får tilbod om jobb i Fjordpipe
Dei 40 tilsette som blir sagt opp etter konkursen i EMV Piping i Eikefjord, har fått tilbod om jobb i Fjordpipe, det skriv Firdaposten. EMV Piping har vore ein underleverandør til Fjordpipe, men etter tap på ein del prosjekt vart det i går opna konkurs i selskapet. Dagleg leiar Jon Åge Sande i Fjordpipe seier arbeidarane vil få same arbeidsoppgåver og vilkår som før.