Hopp til innhold

Over 40 tilsette må gå i ny konkurs i Flora

EMV Piping i Eikefjord har slått seg sjølve konkurs. Dei vel 40 tilsette vart orienterte i eit allmøte tysdag.

EMV Piping

EMV Piping er bemanningsselskapet i Fjordpipe.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med dagleg leiar Jon Åge Sande, men styreleiar Henning Holsen seier at tap på ein del prosjekt er årsaka til konkursen.

Gjeld på 8,5 millionar

Advokat Snorre Seim er oppnemnd bustyrar. Han seier drifta vart innstilt måndag, medan Fjordane tingrett opna konkurs seint i går. I dag har advokaten sendt oppseiing til dei over 40 tilsette.

Seim skal seinare i dag møte leiinga i selskapet.

– Selskapet opplyser sjølve å ha ei gjeld på over 8,5 millionar kroner, medan aktiva blir oppgjeven til kring 2,3 millionar kroner. Selskapet står fram som insolvent, seier han.

Pressa industri

Verftsindustrien er under hardt press for tida, men konkursen i Eikefjord skal ikkje få følgje for Fjordpipe. Etter det NRK kjenner til skal dei tilsette som no misser jobben vere polske arbeidarar.

Konkursen er likevel nok ei negativ utvikling for industrien i Flora.

Fjordpipe har sidan 1986 har basert seg på prefabrikkering og montering av komplette røyrsystem til skips- og landbasert industri.

Verksemda er lokalisert på Nesjane og har ein kring 800 kvadratmeter stor verkstad. I tillegg til eit uteareal på kring 2.000 kvadratmeter.