Hopp til innhold

Får pålegg om å overvake rømd oppdrettslaks

Firda Seafood får pålegg om å overvake rømd oppdrettslaks i sju elvar i Vestland. I november i fjor rømde 289 regnbogeaurar frå ei merd i Fensfjorden, melder Ilaks. I eit brev til Firda Seafood skriv Fiskeridirektoratet at dei meiner at omfanget er såpass stort at miljøovervaking må̊ vurderast.

16. november i fjor melde Firda Seafood frå om ei rømming frå Hyseneset i Gulen. Då hadde Fiskeridirektoratet allereie mottatt fleire tips om fangst av rømlingar på 3–5 kilo.