Hopp til innhold

Får Nødseth-eksklusjon på bordet

Er Jacob Nødseth ekskludert frå Høgre eller ikkje? I morgon skal lovkomiteen i partiet vurdere formalitetane i eksklusjonssaka mot Flora-politikaren.

Jacob Nødseth

EKSKLUDERT: Lovkomiteen i Høgre skal tysdag vurdere formalitetane i eksklusjonssaka mot Flora-politikar Jacob Nødseth.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det har lenge storma rundt Høgre-politikaren som har blitt skulda for å vere ein illojal bråkmakar som hersar med partifellar, og skadar partiet. Sjølv har Nødseth avvist alle påstandar, men i oktober vedtok styret i Flora Høgre å ekskludere 25-åringen.

Nødseth anka avgjerda til fylkesstyret, der fleirtalet forkasta anken. Men fire av elleve i fylkesstyret røysta mot å halde oppe eksklusjonsvedtaket til Flora Høgre, og Jacob Nødseth meinte han dermed var tilbake i varmen.

Han viste til at fylkesstyret må ha to tredjedels fleirtal, noko både fylkesleiaren og Høgre sentralt har sagt seg usamde i.

No er det lovkomiteen i partiet som skal avgjere, seier generalsekretær Lars Arne Ryssdal.

– Vi har ein tradisjon med veldig få eksklusjonssaker, så vi har ikkje noko tidlegare historikk å ta utgangspunkt i.

- Difor ønskjer vi at ekspertane i lovkomiteen skal vurdere formalitetane. Men det er berre det formelle, understrekar Ryssdal.

«Konfliktorientert åtferd»

Etter fleire interne konfliktar, vart Nødseth ekskludert frå partiet i haust. Styreleiar Vidar Grønnevik sa den gong til NRK.no at det ikkje var noko anna løysing.

Det vart lista opp åtte punkt som grunngjeving for eksklusjonsvedtaket, der det mellom anna vart vist til at Nødseth har vist kritikkverdig åtferd overfor andre tillitsvalde i partiet, og at han i det offentlege rom har referert frå interne møte i lokallaget.

Det vart også vist til at han gjennom fleire år har hatt ei «konfliktorientert åtferd som ikkje har vore mogeleg å løyse med dialog, meklingsmøte, avtaler og advarsler, verken på lokalt, fylkes- eller sentralt nivå».

Heldt seg til eksklusjonsvedtak

To månader seinare var saka oppe i fylkesstyret, der fleirtalet forkasta Nødseth sin anke på eksklusjonsvedtaket.

Men då fire stemte mot å oppheve vedtaket, og sju for, oppstod det debatt om korleis regelverket skulle tolkast. Nødseth meinte det måtte 2/3-fleirtal for at vedtaket var gyldig, men fylkesleiar Arve Mjømen sa Høgre-politikaren tolka det feil.

Også fungerande generalsekretær, Gunnar Kongsrud, meinte Nødseth tok feil. Dagen etter at fylkesstyret forkasta anken sa han dette til NRK.no.

– Vi held oss til at Sogn og Fjordane Høgre meiner at vedtaket er gyldig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Arne Ryssdal

SAKLEG VURDERING: Seier generalsekretær Lars Arne Ryssdal om at lovkomiteen i partiet no skal handsame eksklusjonssaka.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

– Skal gjere ei sakleg vurdering

Men når lovkomiteen i Høgre no skal ta opp saka i morgon, betyr det då at det har oppstått tvil om dette faktisk stemmer?

– Eg har ikkje lyst å kommentere kva det er tvil om her, men det har vore reist spørsmål rundt dette. Då er det greitt at vi ikkje avfeier det, men gjer det ei sakleg vurdering, og det vil no bli gjort, seier generalsekretær Lars Arne Ryssdal.

Hovudpersonen sjølv, Jakob Nødseth har enno ikkje formelt anka eksklusjonen inn for sentralstyret, men ventar ei tilbakemelding frå Høgre sentralt.

Og ifølgje Ryssdal er det ingen formell ankefrist.

– Det vil vere naturleg at vi no først avklårar spørsmålet som er oppe, og deretter gir beskjed til partane om kva frist vi ber dei halde seg innanfor, seier generalsekretæren.