Hopp til innhold

Fylkesstyret forkasta anken frå Nødseth

Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Høgre forkastar anken frå ekskluderte Jacob Nødseth i Flora Høgre.

Jacob Nødseth

VENTAR: Flora Høgre og Jacob Nødseth (i midten) har i kveld presentert si side av konflikten som har ført til eksklusjon av Nødseth frå Flora Høgre. Frå venstre: Gruppeleiar Hanne Husebø Kristensen i Flora Høgre, Marit Grønnevik Stave, Hilmar Eliasson, Nødseth og Vidar Grønnevik, leiar i Flora Høgre

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For Nødseth er skulda for å vere ein illojal bråkmakar som hersar med partifellar, og skadar partiet. Alle påstandar blir blankt avvist av 25-åringen.

Flora Høgre og Jacob Nødseth fekk i kveld 40 minuttar kvar for å presentere si side av konflikten som i oktober enda i at Nødseth vart ekskludert .

Bjørn Lødemel på videokonferanse

PÅ VIDEO: Stortingsrepresentant og tidlegare fylkesleiar i Høgre, Bjørn Lødemel er med på videokonferanse.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I etterkant vart begge partar med støttespelar sendt på gangen, medan fylkesstyret handsama anken frå Nødseth.

Meiner det var ei godt møte

I over fem timar sat fylkesstyret i Sogn og Fjordane Høgre samla på partikontoret i Førde med eksklusjonen av Jacob Nødseth som einaste sak.

Han vart ekskludert av eit samrøystes styre i Flora Høgre dagen før regjeringa trådde til, men anka til fylkesstyret. Her fekk både Nødseth og lokallaget legge fram si sak. Gruppeleiar Hanne Husebø Kristensen var nøgd.

– Møtet har vore ryddig. Eg håper det har vore oppklarande for begge partar. Eg trur begge partar fekk lagt fram saka si på best mogleg måte, seier ho.

Meiner vedtaket er ugyldig

Hanne Husebø Kristensen og Vidar Grønnevik

PART: Hanne Husebø Kristensen og Vidar Grønnevik stiller for Flora Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Eit mindretal på fire meinte lokallaget hadde gjort formalfeil, og ville sende saka tilbake til dei. At det dermed ikkje var 2/3-fleirtal gjer at vedtaket er ugyldig, meiner Nødseth.

– I dette tilfellet har fire stemt for å oppheve eksklusjonsvedtaket og sju har stemt mot. Då har vi ikkje det kvalifiserande fleirtalet og anken min har ført fram. Eg håper det går an å få til ein forsoningsprosess i Flora, seier han.

Fylkesleiar Arve Mjømen meiner Nødseth tolkar regelverket feil.

– Vi har sjekka regelverket og vi har fått melding om at vanleg simpelt fleirtal er nok til å handsame ei anke. Slik vi ser det, er Nødseth ekskludert, seier han.

Støttespelarar

Nødseth har lenge vore sett på som eit stort politisk talent i Høgre, men vart altså i oktober ekskludert frå lokalpartiet.

– Anten blir saka avslutta i dag, eller så blir den avslutta i sentralstyret, sa Nødseth til NRK.no før møtet byrja måndag kveld.

Grunngjevinga lokalpartiet gav for eksklusjonen var Nødseth i lengre tid skal ha skadd lokalpartiet gjennom åtferd og handlemåte.

Leiartrio i Sogn og Fjordane Høgre

LEIARTRIO: 2. nestleiar Toril O. Fjørtoft, fylkesleiar Arve Mjømen og 1. nestleiar Olve Grotle i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frå Flora Høgre møtte leiar Vidar Grønnevik og gruppeleiar Hanne Husabø Kristensen. Nødseth stilte med både Marit Grønnevik Stave og Hilmar Eliasson. Begge melde seg tidlegare i år ut av Høgre, medan Grønnevik Stave også er syster til lokallagsleiaren.

Vanskeleg sak

Fylkesleiar Arve Mjømen ser fram til å bli ferdig med saka. Dersom det blir fleire kampar om eksklusjonsvedtaket, vil desse gå føre seg på eit høgare nivå.

– Eg vil påstå det har vore ei vanskeleg sak, og det er opptil fleire tiår sidan sist vi hadde ein eksklusjon i Sogn og Fjordane Høgre, seier Mjømen.

Om Nødseth ankar vedtaket frå fylkesstyret, kjem saka til sentralstyret og partileiar og statsminister Erna Solberg. Det blir ei av dei sjeldne eksklusjonssakene i partiet sidan landssvikoppgjeret etter krigen.