Hopp til innhold

Fylket får barnehus – men Vik fengsel er i det blå

Budsjettsemja på Stortinget opnar for barnehus i fylket, og sørgar for at bygdeorganisasjonar får behalde støtta si. Men pengar til utviding av Vik fengsel kjem ikkje i 2018.

Tore Storehaug i Sogn og Fjordane KrF

LIKEVEL NØGD: Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF).

Foto: Espen Breivik / NRK

Det er klart etter at regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet onsdag kveld kom til semje med KrF og Venstre om statsbudsjettet 2018.

Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) meiner budsjettet byr på fleire godbitar for Sogn og Fjordane. Mellom anna får fylket endeleg eit barnehus.

– Vi har fått på plass ei løyving på to millionar kroner til å opprette ei avdeling av barnehus i Sogn og Fjordane. Det er eg veldig glad for, og noko KrF og V har løfta inn i forhandlingane. Huset skal vere organisert under barnehuset i Bergen, men med ei avdeling i fylket vårt, fortel Storehaug.

I dag må ungar som skal avhøyrast reise til Bergen eller Ålesund.

– Dette er eit veldig viktig gjennomslag for born i fylket som verkeleg treng det, meiner Storhaug.

United World College i Flekke i Fjaler får også pengar i statsbudsjettet.

– Der har vi fått på plass tre millionar kroner som skal brukast til å pusse opp internata. Det er eit nødvendig tiltak for internatskulen som er mykje meir enn berre ein skule.

Rører ikkje bortebuarstipendet

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett var grensa for når elevar får bortebuarstipend heva frå 40 til 60 kilometer. Den endringa har KrF og V sørga for at ikkje blir gjennomført, slik at grensa for bortebuarstipend blir uendra.

– Ordninga blir som før, lovar Storhaug.

Regjeringa ville også fjerne 30 millionar kroner til ein del organisasjonar som er viktig for bygdene, som 4H, bygdeungdomslag og bygdekvinnelag.

– Vi har klart å behalde løyvingane. Det blir ingen endring her, seier Storhaug.

Roy Egil Stadheim

SKUFFA IGJEN: Det blir ikkje pengar på Vik fengsel og fengselsleiar Roy Egil Stadheim i 2018.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vik blir skuffa

– Kva er dei negative sidene for fylket ved dette budsjettet?

– Eg er skuffa over at vi ikkje har klart å få på plass pengar til utviding av Vik fengsel. KrF og V har løfta det inn i forhandlingane, men vi klarte det ikkje. Det må vi definitivt få på plass til neste år.

– Kva var det som svikta sidan Vik fengsel ikkje er inne?

– Det handlar om at vi skal ha ein totalitet. Og då er det ikkje alt ein klarar å nå opp med. Eg er nøgd med dei gjennomslaga vi har fått, seier Storhaug.