Hopp til innhold

300 skademeldingar etter ekstremvêret – ventar mange fleire

Så langt er det kome inn over 300 skademeldingar etter ekstremvêret og stormfloda. Forsikringsselskapa ventar endå fleire skademeldingar dei neste dagane.

Båt til grunne i Tromsø

KØYRDE PÅ MOLO: Denne båten køyrde på ein molo i Tromsø måndag. Vasstanden var høg og moloen låg under vatn. Seks av passasjerane blei frakta til legevakta.

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

– Vi ventar at talet vil auke ganske betydeleg, seier kommunikasjonssjef for skadeforsikring i Gjensidige, Bjarne Aani Rysstad.

Tysdag morgon hadde dei fått inn 220 skademeldingar etter uveret og stormfloda som har herja kysten dei siste dagane. Dei trur det vil kome fleire dei neste dagane.

Bjarne Rysstad Gjensidige

VASSKADAR: Flest vasskadar, det er fasit då Gjensidige tok ei oppteljing tysdag føremiddag. Det seier kommunikasjonssjef skadeforsikring i Gjensidige, Bjarne Aani Rysstad.

Foto: Mats Stordal

I Måløy vart det ny rekord, medan Bergen berre var ein centimeter frå å slå rekorden frå 1990. Den høge vasstanden har gjort skader for seg fleire stader langs kysten.

– Vi veit av erfaring at ved vasskade tek det litt tid, folk må få ei oversikt sjekke status først.

Skadane strekk seg over heile kysten. På Austlandet er skadane relatert til uvêret som herja i helga, medan kysten frå Sørlandet og nordover har flest skadar knytt til stormfloda som kom med ekstremvêret «Elsa».

Lærdal

LÆRDAL: Slik såg det ut i Lærdal like før toppen måndag føremiddag.

Foto: Jan Christian Jervin

– Ikkje over

Forsikringsselskapet If har fått inn 70 skademeldingar så langt etter «Elsa», dei fleste gjeld vasskadar. Også If trur talet vil auke utover dagen.

– Hendinga er heller ikkje over, seier Sigmund Clementz som er informasjonssjef i If.

Dei har no fokus på å hjelpe kundane som har fått skadar, samt avgrense skadar fortløpande.

Informasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If

IKKJE OVER: Sigmund Clementz er informasjonssjef i If. Han seier dei følgjer situasjonen etter kvart som vêret flyttar seg nordover.

Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK

– Vi auka bemanninga kundesenteret vårt i går, men fekk heldigvis ikkje så mange førespurnader som vi hadde frykta.

Tysdag er det venta auka vasstand i Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Vårt beste råd er å sjå til det som er langs sjøkanten. Flytt ting opp frå golvet i naustet. Set bilar og campingvogner vekk frå sjøkanten.

Han ber kundane følgje med i nyhendene, yr.no og varsom.no.

Slik ser det ut etter ekstremvêret «Elsa».

Ukjend prislapp

Clementz i If seier det er alt for tidleg å seie noko om kva skadane det vil koste.

Skadane som er kome inn er alt frå vatn i kjellarar, til forretningar som blir råka.

– Vi har avbrotsforsikring for bedrifter som no må stenge ein dag eller lengre for å pusse opp. Då vil vi dekkje inntektstapet.

Clementz er imponert over måten stadig fleire kommunar handterer spring- og stormflod på. Det er med å avgrensar skadane.

– Naudetatane funne løysningar som gjer at dei handterer dette betre enn for nokre tiår sidan.

Heller ikkje Gjensidige har oversikt over kva sluttsummen blir etter «Elsa» sine herjingar.

– For vår del dreier det seg pr. no om skadar for omtrent 10 millionar kroner, seier Bjarne Rysstad.

Tilskuere til Springfloen i Bergen
Foto: Simon S. Brandseth / NRK
Langs hele Vestlandskysten og nordover til Trøndelag forbereder nå folk og beredskapsetater seg på den svært høye floen.