Hopp til innhold

Hamlet og Kotelett måtte bøte med livet - det er nemleg ikkje lov å gje griser matavfall...

Grisane Hamlet og Kotelett var ei stund svineheldige, der dei levde på treretters matavfall frå Vatnahalsen hotell. Men då Mattilsynet kom på besøk, var det slutt på livet i sus og dus. Begge måtte døy – for griser har nemleg ikkje lov til å ete matavfall.

Grisar på Vatnahalse Høyfjellshotell

HAMLET OG KOTELETT: Her avbilda før regelverket innhenta dei to svina. Her ventar dei på ein trerettarsmeny på Vatnahalsen Høyfjellshotell.

Foto: Jannet Aksnes

På toppen av Flåmsbana i Myrdal i Sogn ligg Vatnahalsen Høyfjellshotell. For å kome seg dit må personar og varer ta tog, og folk og ting som skal ut av området må ta tog.

Det gjeld søpla også, noko som dei siste åra har blitt eit problem for Jannet Aksnes, som driv høgfjellshotellet.

– Det har vore litt problematisk dei siste åra, for det blir meir og meir søppel. Vi vurderte å kjøpe ei kompostmaskin, men det kostar 350 000 kroner. Det var litt i dyraste laget, fortel Aksnes, som lurte på kva ho skulle gjere for å få bukt med svineriet.

Fekk svinaktig god idé

Gleda var difor stor då dei kom på det dei tenkte var ein glimrande ide. «Alt går i grisen», heiter det jo. Dermed trudde Aksnes og co. at problemet med matavfall var løyst.

– I sommar fekk vi to grisar. Vi bygde hotellrom til dei, og dei fekk trerettarsmiddag kvar dag. Dagens suppe, hovudrett og dessert. Og så masse vaflar. Vi såg for oss at dei ville bli vaffelgrisar, nesten som Ibericogrisar i Spania (fora på eikenøtter og urter red.am), fortel Aksnes.

Dei to nye «hotelltilsette» fekk namnet Hamlet og Kotelett, og såg ut til å trivast svært så godt på høgfjellet. Etter kvart vart dei også ganske vekkskjemde, svineheldige som dei var som fekk hotellmat kvar einaste dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Griser på Vatnahalsen høyfjellshotell

IDYLLISK GRISEBINGE: Dei to grisane levde i sus og dus i det fri på Vatnahalsen høgfjellshotell.

Ville ikkje ha kålrot

– Dei plukka vekk stilken på blomkålen, og ananas og kålrot låg gjerne igjen. Vaflar var dei veldig glade i, fortel Aksnes lattermildt.

Hamlet og Kotelett var ikkje berre til nytte, men også eit litt artig innslag for dei mange som tok turen innom hotellet.

– Gjestane syns det var festleg, turistane syns det er kjekt å kome nær dyra og griser er sosiale dyr. For oss var det ei lur ordning. Vi fekk god respons på gjenbruk av maten og at det ikkje vart kasta så mykje mat, seier den daglege leiaren.

Aksnes understrekar at det ikkje på noko tidspunkt var aktuelt at dei to grisane skulle ende livet korkje som svinekam eller svinesteik på buffeen på hotellet.

– Har ikkje høyrt om veganargris

Men det som verka som ein svinaktig god idé, fall slett ikkje i smak hjå alle. I haust kom Mattilsynet på besøk.

Dei sa først ikkje så mykje om dei to firbeinte som gjekk og tusla utandørs. Men det var før dei hadde fått tenkt seg om.

– Då dei hadde sjekka regelverket, kom dei tilbake, og då var det først at det ikkje var lov å servere kjøt, fisk og andre animalske produkt til grisane. Eg har aldri høyrt om veganargris. Så sa dei at det heller ikkje var lov å servere grønsaker. Det heile enda med at vi fekk påpeiking frå Mattilsynet om at vi ikkje fekk lov å behalde dei, seier Aksnes.

Årsaka var at sjukdom kunne smitte frå menneske til dyr, og regelverket seier at ein skal vere føre-var.

– Matavfallet er ikkje varmebehandla. Og det kan vere animalsk avfall, som kjøt, som det er ein risiko for at grisane får sjukdommar av. Slikt avfall skal varmebehandlast først, fortel distriktssjef i Mattilsynet, Trine Hellan.

Reglane har vorte strengare

Ho fortel at regelverket tidlegare var slik at grisene kunne få mat frå private hushaldningar.

– Det er nokre år sidan, og reglane er strengare no. I tillegg kjem dette avfallet frå eit hotellkjøken, og då er reglane annleis, seier Hellan.

Dermed tok griseflaksen slutt for Hamlet og Kotelett, og Aksnes har framleis eit matavfallsproblem å ta seg av.

Ho tykkjer det heile er tragikomisk.

– Eg prøver å forstå det, men syns det er tragikomisk at vi heller skal bruke masse pengar på ei kompostmaskin når vi har to grisar og masse kompost, eller mat. Det er synd at det er så masse lovar og reglar. Og det er klart at vi saknar grisene våre, seier Aksnes.

Leitar etter løysing

Dei hadde allereie snakka om å skaffe seg fleire grisar til neste år, men no må dei sjå seg om etter andre løysingar. Det vert ikkje fleire grisar i svinestien på Vatnahalsen.

– Det blir nok ingen grisar på høgfjellshotellet lenger. No må vi prøve å finne ei løysing på problemet, det er mogleg vi ikkje kan sortere søpla vår lenger, for det er ikkje mogleg å frakte den vekk. Det er synd om det skal vere så vanskeleg, seier Aksnes.