Hopp til innhold

Flaumråka grunneigar saksøkt

Naturskadefondet saksøkjer no ein flaumråka grunneigar i Skjerdalen i Gloppen.

For fondet godtek ikkje opplegget for erstatning etter flaumen. Jens Skjerdal forstår ikkje kvifor han blir saksøkt.

- Eg opplever som ei ulukke hakk i hæl med den første, så det virkar litt rart for meg.

Skader for fire millionar

Ved flaumen i slutten av oktober i fjor gjorde elva i Skjerdalen stor skade og bustadhus vart truga.

Ved det såkalla lennsmannsskjønet med lokale aktørar, vart skadene sett til kring fire millionar kroner pluss moms. Naturskadefondet skulle koste oppretting av skade og NVE sikring med tanke på nye flaumar. Jens Skjerdal aksepterte dette og skreiv under på taksten.

Forkasta skjønet

Jens Skjerdal

Jens Skjerdal

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men Naturskadefondet forkasta lensmannskjønet fordi fordelinga av kostnadene mellom dei og NVE var for vag, og kravde overskjøn.

Og av alle vart Jens Skjerdal som oppfatta seg som uskyldig tredjepart, den saksøkt.

Det synes Skjerdal er urimeleg.

- Dette burde vere ei sak mellom NVE og Naturskadefondet, og kanskje kommunen.

- Slik er reglane

Men rådgjevar Siri Koller Tufte i Statens Landbruksforvaltning som fører saka Naturskadefondet, seier at slik er det berre. Reglane er slik.

- Det er Naturskadefondet og den som er utsett for skade som alltid blir motpartar i dei sakene.

Avslutta i dag

For Jens Skjerdal betyr det at om Naturskadefondet vinn fram med sin klage, kan Jens Skjerdal bli dømd til å betale både eigen og Naturskadefondet sine sakskostnader.

- Motparten har søkt om eg tek alle sakskostnader.

Saka i Fjordane Tingrett blir avslutta seinare i dag.